Ti av desse køyrde i over 116 km/t, og det fører til at førarkortet ryk. Dei fleste av dei som køyrde for fort, køyrde mot ferjekaien på Fodnes, skriv Sogn Avis.
Bilistane har ikkje hatt det like travelt i Lærdalstunnelen og Gudvangatunnelen, der det var berre 150 og 114 fartsoverskridingar. Tala er frå perioden 1. mai til 31. august.