Hopp til innhold

Ho vart nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane

Foreldreparet frå Sandane hadde venta lenge på den vesle tulla. Tidleg i føremiddag valde ho endeleg å kome ut for å helse på. Dermed vart ho nyttårsbarnet i fylket.

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane 2016

PÅ OVERTID: Den vesle jenta vart fødd på overtid, og vart med det nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane 2016.

Foto: Privat

– No ser ho ut til å ha det veldig bra, seier ein tydeleg stolt pappa Lars Sverre Eide frå Sandane.

Liknar på faren

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane 2016

STOLT FAR: Lars Sverre Eide er svært stolt over den vesle prinsessa som er kome til verda som den første i Sogn og Fjordane i år.

Foto: Privat

På telefon frå kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus kan han fortelje om ein lukkeleg liten familie på tre. Han og sambuaren Lisbeth Risøy Kvellestad frå Florø hadde i utgangspunktet ikkje tenkt tanken på at dei skulle bli foreldre i 2016.

– Hehe, nei, ikkje når vi termin var den 22. desember, småler pappa Lars Sverre.

For den vesle jenta var nemleg venta som ein førjulspresang, men då termindatoen kom den 22. desember hadde ho tydelegvis lyst til å vere i magen litt lenger. Nyttårsaftan vart fødselen sett i gong på sjukehuset i Førde. Etter eit langt døgn kom den vesla jenta endeleg til verda klokka 12.57.

– Ho var 4075 gram og 51 centimeter, seier den glade småbarnsfaren som ikkje heilt greier å setje ord på kor stolt han er over den vesla jenta som liknar på han.

– Flagget til topps

– Kva tenkte de då klokka bikka midnatt og de skjønte at de kanskje kunne få nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane?

– Det var greitt at ho vart den eldste i kullet sitt, i staden for den yngste. Men om det vart eit nyttårsbarn eller ikkje, det var ikkje så viktig for oss, smiler faren.

Hos besteforeldra har jubelen stått i taket og flagga blitt heist til topps, fortel han vidare. No ventar nokre dagar på sjukehuset før dei tek med seg frøkna heim.

– Nett no er vi trøytte, men ting har byrja roe seg, fortel den lukkelege førstegongspappaen til lyden frå eit lite nurk i bakgrunnen.

PS: Den vesla jenta har fått namn, men det vil foreldra først avsløre for alle i familien.