Ho sit i sola på Lotsberg i Eid og festar trådendar på det siste produktet. For når det er fint ute, tek ho med seg arbeidet ut. Det ho har vove kjem snart i setet på ein dragestol. Mønsteret er frå 1200-talet.
–Slike dagar som i dag så er det fint å sitje her i veggen på gamlestova, seier Anne Britt Lotsberg.
Frå Lotsberg er det flott utsikt over Nordfjorden. Ho har full oversikt over skipstrafikken frå sitt eige vevateliér. Ferja går at og fram i takt med slaget på veven.
–Her sit eg og vev og har utsikt over heile trafikken, både fly og ferje. Så her kan eg veve og nyte det som er rundt meg.
Utdøyande rase
Mønsteret på dragestolen er frå Fjærland der ho vaks opp. Ho byrja tidleg å samle på gamle mønster og starta å teikne av sitt fyste mønster da ho var sju år.
I konfirmasjonsalderen gjekk ho rundt på gardane i Fjærland og samla inn gamle mønster. Ho har og funne mange av dei på Hotell Mundal. Nikolai Astrup har teikna ein del av mønstra ho har samla og teikna av.
– No har eg fått ei samling på ganske mange mønster, og nesten alt er frå Fjærland. Det er kjekt, fortel ho.
Det er ikkje mange som driv med veving lenger – fordi det går litt seint. Ho meiner at ho er kome i kategorien utdøyande rase.
Født mellom trøene på ein vevstol
I stova heim på Lotsberg står ein stor og ei liten vev. Den minste betener ho fint manuelt. Men den største går på straum, fordi den hadde vorte for tung å slå. Vevane står stort sett alltid klar til å gjere ein innsats.
– Eg seier at eg er fødd i mellom trøene på vevstolen. Det er nesten heilt sant.
Ho gjev bestemora og nabokona i Fjærland litt av æra for den uvanlege interessa for gamle veveri. Nabokona var streng og det skulle gjerast skikkeleg.
Brukar berre ei hand
Det aller fyrste ho vov i stor vev heng på veggen i atelieret. Ho hadde eigentleg tenkt å ha det til stolteppe. Men slik gjekk det ikkje.
– Det er ikkje ofte far blanda seg inn, men han sa det går ikkje an å sitje på det når det var det fyrste eg hadde laga.
Anne-Britt har sin eigen teknikk med berre ei hand. Det er ein vane fordi ho er født med berre ei hand som verkar skikkeleg.
–Ein treng ikkje to hender for å gjere dette her. Nei, veit du kva.
No har ferja mellom Anda og Lote gått mange gonger att og fram sidan Anne-Britt starta på det ho dreiv med. og Anne-Britt har berre att å feste trådane.
Du kan sjå Anne Britt i Norge Rundt på NRK1 fredag klokka 19:40.