Hopp til innhold

Ho er noregsmeister i motbakkeløp

LUSTER (NRK): Jølstringen Eli Anne Dvergsdal trossa stive lår og sprang inn til tittelen som noregsmeister i motbakke, men det er likevel med blanda kjensler.

NM

NOREGSMEISTER: Eli Anne Dvergsdal kunne som nybakt Noregsmeister nyte utsikta på toppen av Molden (1116 m.o.h).

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Heilt utruleg. Det er veldig kjekt med tittelen som noregsmeister, jublar Eli Anne Dvergsdal.

Med tida 57.48 kan Dvergsdal frå IL Gular krone seg med tittelen noregsmeister i motbakke. Stian Angermund Vik frå Varegg IL vann herreklassen med tida 46:10. Tittelen som noregsmeister er noko Dvergsdal ikkje har frå før av.

– Dette var tittelen eg mangla i samlinga mi. No er den i boks, seier Dvergsdal.

Det var med blanda kjensler Dvergsdal sprang i mål. Etter fem kilometer stivna låra til noregsmeisteren.

– Eg ville prøve på ei god tid, noko som kan føre til ein smell undervegs. Det gjekk veldig bra i fem kilometer, før eg stivna litt. Då blir det tungt på slutten. Ein amerikansk løpar tok meg igjen, så eg skulle ønske eg var med på å spurte om sigeren.

Ville prøve på løyperekord

Dvergsdal hadde håpa på ein løyperekord, men stive lår sette ein stoppar for planen.

– Eg følte eg opna kontrollert og i ein ganske passeleg fart. Eg kjende at det gjekk veldig bra i dag, så då ville eg gje litt på. Når ein prøvar på tøffe ting, så er det ein sjanse ein tar. Det var tungt og vonde tankar dukkar opp.

Molden opp

HEIA MED FLAGG OG KUBJØLLER: På Molden hadde ein solid heiagjeng samla seg for å heie fram deltakarane i Molden Opp.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

I løypa hadde det samla seg mykje folk som heia både med flagg og kubjøller. Det var noko den nybakte Noregsmeisteren sat stor pris på.

– Opp mot toppen var stemninga heilt topp. Det var mange personar som heia på meg, inkludert sambuaren min og mamma. Kjekt at mange tar turen og lagar god stemning i fjellet, fortel Dvergsdal.

Mot slutten i løypa gjekk det betre for Dvergsdal som kunne jogge inn til mål.

– Det losna litt når eg hadde heldt på ei stund, så eg kunne jogge ganske lett i mål.

Molden opp

Det var Molden Opp i Luster som arrangerte noregsmeisterskapet i motbakkeløp. Arrangørane kunne melde om ny rekord i talet på påmelde.

– Vi har hatt rekordstor påmelding med over 970 deltakarar. Når alle kjem seg både opp og ned, så må vi vere nøgde. Det har gått veldig bra i dag, seier løpsleiar John Ingar Bukve.

Vinnar

VINNAR I HERREKLASSEN: Stian Angermund-Vik vann herreklassen på tida 46:11.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Løpet går frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og like opp til Molden som ligg 1116 meter over havet.

– God stemning med mykje folk. Det har vore mange ivrige som har heia deltakarane fram. Løparane har kome med gode tilbakemeldingar, så dette har vore ein strålande dag, avsluttar Bukve.