Hopp til innhold

«Dette er det klart beste av alle motbakkeløpa eg har vore med på»

Odd-Bjørn Hjelmeset har delteke på nesten alle Skåla Opp-løpa. Han er klar på startstreken i morgon, saman med nesten 1700 andre, men han har ikkje noko tankar om ny løyperekord.

Hjelmeset og Skåla Opp

GLER SEG: Odd-Bjørn Hjelmeset gler seg stort til startskotet på Skåla Opp går i morgon.

Foto: Gorm Kallestad, Lyngve Skrede / Scanpix

– Eg har vel vore meir klar enn eg er no. Eg er kommen dit at eg ikkje får

trene like mykje som eg har lyst til, og er iallfall ikkje i så god form som eg har vore før. Denne gongen vert det nok litt rolegare, ler glopparen.

Den tidlegare langrennsutøvaren frå Vereide i Gloppen er imponert over dei beste løparane på som kivar om å springe dei 1848 høgdemetrane fortast mogleg.

– Eg har ikkje sjanse på dei. Dei spring eventyrleg fort. Eg er imponert over at dei har sprunge opp der på 1,06. Det er sju minuttar betre enn mi beste tid, seier Hjelmeset.

NRK sender direkte frå løpet. Det ser du her:

NRK.no streamer motbakkeløpet Skåla Opp i Nordfjord.

SJÅ LØPET DIREKTE: Få med deg løparane kome i mål.

Saknar fjord og fjell

Trass i at han la opp i fjor, held han fast på å få med seg eit av årets høgdepunkt i Loen.

– Det er totalen, vi er på eit supert hotell, stemninga rundt, og så er det noko med å få gått frå null til 1848 meter, seier Hjelmeset.

Han trekkjer fram folkelivet som noko av det flottaste med løpet.

– Du får sett utruleg mange som er nøgde, og som slit, men likevel har eit smil på lur. Det er kjekt å sjå på, og difor prøver eg å vere med, seier Hjelmeset.

Trass i at han er oppvaksen på Hjelmeset i Gloppen, har han i mange år budd på Austlandet, langt frå fjord og fjell.

– Eg saknar det. Eg var mykje flinkare å springe i motbakke i gamle dagar då det var lange fjell å springe i. No bur vi i Nittedal, og det er ikkje mykje høgde på fjell i Lillomarka. Så det er moro å vere med her på Skåla der det er litt skikkelege bakkar, seier Hjelmeset.

Er i ei særstilling

Sjølv om han la opp i fjor, har avtaleboka vore såpass full at han ikkje har hatt tid til å sakne langrennseventyret han ein gong var del av.

– Eg er med på så mykje anna, og så er eg ekspertkommentator på ein del idrettsarrangement, i tillegg til å vere sponsorsjef i Bama, så eg får sett ein del idrett, seier Hjelmeset.

– Skåla Opp er i ei særstilling blant motbakkeløpa. Det er her det er flest med, best konkurranse, og ein ser at mange kosar seg. Eg tykkjer dette er mykje betre enn alle motbakkeløpa eg har vore med på, seier Hjelmeset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SLIK ER LØYPA: Har du aldri vore på Skåla? Få all fakta her. Foto/redigering: Johan Moen

Ser ikkje vekk ifrå nye rekordar

Erik Brendefur i Skåla Opp ser ikkje vekk ifrå at det blir sett nye rekordar når dei 800 løparane i konkurranseklassen set av garde i morgon.

– Det er dagen før dagen, folk kjem langveges frå, sjekkar inn på campingplassar og hotell, og gjer seg klar for morgondagen, seier Erik Brendefur, som er leiar for organisasjonskomiteen for Skåla Opp.

Det er mykje som skal på plass før startskotet går laurdag, og både konkurranseløparar og mosjonistar skal leggje i veg for å komme seg 1848 meter over havet.

– Vi er så heldige at vi har ei veldig god dugnadsånd her. Vi har med oss masse dyktige folk som hjelper til både før, under og etter arrangementet, så takka vere dei klarar vi å få dette i land kvart år, seier Brendefur.

  • LES OGSÅ:

Nesten 200 funksjonærar

Men for kvart år har deltakartalet auka, og dermed aukar også arbeidsmengda som må til for at arrangementet skal gå knirkefritt.

– Det er dyktige folk og dei er rutinerte. Men det er heile tida forbetringar og endringar frå år til år, vi må utvikle oss og bli betre. Vi håpar å få til det også i år, seier Brendefur.

Han anslår at det omtrent er mellom 170 og 180 funksjonærar.

– Dei jobbar dugnad og frivillig for Loen idrettslag og Skåla Opp. I tillegg stiller Olden Røde Kors som stiller med tjue personar. Dei er stasjonerte på sju plassar frå start til mål, så skulle det skje noko, så er dei der. Folk kan vere trygge, seier Brendefur.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ahmet Arslan vinn og set ny rekord i Skåla Opp

FAVORITT: Ahmet Arslan har vunne to gonger før, har løyperekorden for menn, og blir rekna som ein av favorittane.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Har tru på nye rekordar

I konkurranseklassen er det mykje kjentfolk, både frå Norge og andre land. Mellom anna er Odd-Bjørn Hjelmeset og Kristen Skjeldal påmelde.

Og Brendefur trur mykje ligg til rette for gode tider i løypa.

– Eg trur det blir veldig gode forhold. Vi hadde ein nydeleg dag i går, og det er tørre og fine forhold. Og så har vi fått spylt løypa litt, og i morgon er det tørt og fint att, seier Brendefur.

Løyperekordhaldar i dameklassen Anita Håkenstad Evertsen er også på påmeld. Tida hennar er 1 time, 20 minutt og 6 sekund.

– Eg trur kanskje ikkje ho vinn i år. Favoritten blant damene er Kirsten Marathon Melkevik, kanskje May Britt Buer og eit par andre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anita Håkenstad Evertsen nummer to i Skåla Opp

REKORDHALDAR: Anita Håkenstad Evertsen har rekorden i kvinneklassen.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Hadde rekorddeltaking i fjor

I herreklassen er det Ahmet Arslan frå Tyrkia som har rekorden på 1 time, 7 minutt og 6 sekund.

– Han har sett løyperekord dei to siste åra, og er favoritten. Jonathan Wyatt frå New Zealand er også her, Tomas Bereket frå Eritrea, samt også ein del sterke norske namn. Eg trur det blir mange herrar under 1,15, og tre-fire damer under 1,25, så det er fenomenalt, seier Brendefur.

Fredag kveld er det påmeldt 870 deltakarar. I fjor hadde løpet rekorddeltaking då 1780 registrerte seg på toppen. Om rekorden vert sletta i morgon, står att å sjå.

På NRK1 kan du søndag klokka 20.15 få med deg alle høgdepunkt frå Skåla Opp.