Hopp til innhold

HIV-smitta vert sendt ut av landet utan garanti for medisinsk hjelp

For HIV-smitta asylsøkjarar er det verste marerittet å bli send tilbake til heimlandet. Der er sjansane små for å få medisinsk hjelp.

HIV-smitta vert sendt tilbake til heimlandet der dei langt ifrå er sikra medisinar.

HIV-smitta vert kasta ut av landet

Ein av dei som no opplever marerittet er 39 år gamle Sinarinzi. Ho er asylsøkjar i Sogn og Fjordane og som HIV-smitta er ho heilt avhengig av medisinar.

No vil styresmaktene sende henne tilbake til eit land der HIV og aids framleis er tabu, og berre halvparten av dei smitta får medisinsk hjelp. Sinarinzi kom til Norge som asylsøkjar for fem år sidan. No har ho fått vedtak om utsending.

– Dersom eg dreg tilbake til landet mitt vil eg døy. Helsesystemet er bra i Noreg, men det er ikkje det same i Burundi. Om du ikkje er frisk vil du døy, fortel ho.

Halvparten får ikkje hjelp

Tal frå FN viser at berre halvparten av dei som er smitta av HIV og aids i Burundi får nokon form for behandling.

– Kun ein liten del av dei som treng det, får det, seier Sinarinzi.

Likevel vil ikkje regjeringa bli mindre strenge når det kjem til å sende HIV-smitta asylsøkjarar ut av landet.

– Det må vere restriktivt, for Noreg har eit helsevesen som er betre enn i dei aller fleste andre land. Og skulle vi gi opphald grunna helse åleine og det ikkje er høg terskel på det, så ville vi få ei stor utfordring i Noreg, seier Pål Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet.

– For strengt

Line Khateeb, rådgjevar i NOAS, seier dei organisasjonen har sett liknande tilfelle, og at dei reagerer med å meine praksisen til Utlendingsnemnda er for streng.

– Det er inga oppfølging av asylsøkjarar som vert sendt heim til desse landa, og det er då ingen som veit sikkert om dei får ei god nok behandling eller ikkje når dei vert send tilbake.

Undersøkingar NRK har gjort viser at det finst ikkje oversikt over kor mange HIV-smitta som vert send ut av landet.