Historisk resultat for lokalbank

Luster sparebank i Sogn hadde i fjor eit driftsresultat på 40,5 millionar kroner, noko som er det beste resultatet i banken si historie. Det skriv Sogn Avis i dag. Det er ikkje alle små og uavhengige bankar som klarer seg så godt, og banksjef Oddstein Haugen seier til avisa at han trur grunnen til suksessen er at dei har klart å henge med. – Vi er kostnadseffektive, og på får ein gode resultat, seier Haugen til avisa.

Luster Sparebank i Gaupne
Foto: Ottar Starheim / NRK