Hopp til innhold

Debuterte som 1. divisjons-dommar - no er ho historisk

I dag dømde ho for første gong ein 1. divisjonskamp, og onsdag debuterte ho som dommar i 2. divisjon. Marianne Aakre Laugerud (19) er dermed historisk i Sogn og Fjordane.

Marianne Aakre Laugerud

PÅ BANA: Marianne Aakre Laugerud dømde i dag 1. divisjonsoppgjeret mellom Kaupanger og Urædd.

Foto: Torben Stedje / NRK

– Det var veldig kjekt å få prøve seg på eit høgare nivå. Eg har ikkje dømt så mykje damekampar før heller, seier Laugerud, som laurdag ettermiddag dømde Kaupanger-Urædd i 1. divisjon for damer.

Onsdag dømde ho 2. divisjonskampen mellom Stryn og Volda. Ho er også assistentdommar for 3. divisjon for menn.

Førde-jenta tok til med dømming allereie som 16-åring.

– Eg tykkjer det er kjekt. Eg tok dommarkurs, og sidan har eg halde fram. Når ein får gode tilbakemeldingar, så er det veldig motiverande, seier Laugerud.

Gav meirsmak

Ho byrja med å dømme jenter 13-14 og sidan har ho klatra jamnt og trutt oppover.

– Eg har dømt med i 5. og 6. divisjon. Eg veit i grunn ikkje så mykje om kva eg vert sett opp på på førehand, seier Laugerud.

Men ho understrekar at dei to kampane denne veka ikkje har skremt ho frå å dømme meir i 1. og 2. divisjon.

– Nei, tvert om. Det var kjekke kampar, begge to, seier Laugerud.

At ho med dette er historisk i Sogn og Fjordane-samanheng, tenkjer ho ikkje så mykje på.

– Det er litt spesielt, og det var i grunnen på tide. Men elles er det ein jobb som skal gjerast, seier Laugerud, som allereie tenkjer framover mot neste kamp tysdag.

Følgjer hakket meir med på dommarane

Ho legg til at når ein driv med fotballdømming, så gjer det også noko med korleis ein ser på fotballkampar generelt.

– Når eg ser kamp, så følgjer eg kanskje hakket meir med på dommarane enn spelarane. Men det blir no berre slik, seier Laugerud.

Ho er avgangselev og russ ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, men har måtte melde avbod til nokre av festlegheitene, på grunn av dømming.

– Eg måtte droppe Breim som var i går kveld, men i kveld er det treff i Sogndal, og det får eg med meg, seier Laugerud.

Ho er klar på at ho kjem til å halde fram med fotballdømminga så lenge ho tykkjer det er kjekt. Men etter august vert det eit lite opphald.

– Eg skal til Orlando i USA for å ha utdanning som personleg trenar. Men eg er tilbake rundt juletider, og då held eg fram, seier Laugerud.

Stolt over kva ho har fått til

Leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad, er svært glad for det Laugerud har prestert.

Robert Endestad

VIKTIG: Leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad, ønskjer seg fleire kvinnelege dommarar i fylket.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Det er fantastisk kjekt og eg er utruleg stolt. Det er flott å få fram jenter på eit slikt nivå. Marianne kan nå så langt ho vil, seier Endestad.

Laugerud vart på fotballtinget kåra til årets unge leiar i fjor, og Endestad peikar på at Laugerud har synt gode kvalitetar over lang tid.

– Førde er landets femte største fotballklubb, men stod ei stund heilt utan dommarar. Marianne tok tak i det og har gjort ein kjempejobb og fått mange med seg. Det står det respekt av. Eg er imponert over kva ho har fått til, seier Endestad.

Han ser ikkje vekk frå at Førde-jenta kan bli å sjå på bana under ein Tippeliga-kamp i framtida.

– Ho kan nå så langt som ho sjølv vil, det er eg viss på. Det er ingen grunn til at ho ikkje skulle nå dit, seier Endestad.