Hopp til innhold

Historisk dag for Skavøypoll

Skavøypoll hadde aldri slått Stryn i ein seriekamp. Då dei først gjorde det, passerte dei også rival Selje på tabellen.

Heimelaget vann målorgien med 5-4 .

- Det var ein kanon publikumskamp. Ni mål er vel verd inngangspengane i seg sjølv, ler trenar Asle Gangeskar.

RESULTAT 18. SERIERUNDE

- Hinsides god karamell

Sigeren var Skavøypoll sin andre på rad på heimebane. Klubben som kjempar om å overleve i 3. divisjon har tre kampar på rad utan tap.

- Det var ein ekstra karamell å slå Stryn. Det var hinsides godt! Vi har aldri slått dei før i seriespel. I vår reiste vi som slakt frå Stryn etter 0-9. I staden for å stå med høge skuldrar i dag, så brettar vi opp ermane og kjempar oss til 5-4 siger, seier ein tydeleg stolt Gangeskar.

- Eg er stolt av spelarane

Han er spesielt nøgd med ein førsteomgang der heimelaget gjekk til pause med 3-1. Sjølv om sigeren løfta Skavøypoll forbi Selje på tabellen, vil ikkje trenaren seie at han er letta over tre poeng.

- Alle kampar er viktige. Vi har fire kampar til som er viktige. Eg er ikkje letta i det heile, men eg er stolt over det spelarane legg ned av innsats og vilje og det dei presterer, seier han. Selje og Skavøypoll er sist i divisjonen med høvesvis 10 og 12 poeng.

22 mål på tre kampar

For to veker sidan snudde dei 0-3 til 4-3 over naboklubben Tornado Måløy. Førre helg vart det 3-3 borte mot Kaupanger. Med andre ord har dei scora 12 mål på tre kampar. I alt er det scora 22 mål i dei tre siste kampane som Skavøypoll har spelt.

- Vi scorar mykje, ja, men så får vi også mange baklengs. Men vi scorar ett meir enn motstandaren og det er nok til siger, seier han.

Må slå Eid

At Kaupanger slo Høyang borte, er ikkje Gangeskar like nøgd med. Avstanden til Kaupanger på niendeplass er åtte poeng. Eid derimot er innan rekkevidde med sine 17 poeng.

- Det betyr at Sogndal må slå Eid, slik at vi får kontakt med dei. Men vi må uansett fokusere på det vi skal gjere, seier han.