Hopp til innhold

Kommunalministeren blir skulda for å feilinformere om overskotet til fylkeskommunen

Byråkratar og politikarar er forundra over kommunalministeren som torsdag hevda at fylket har gått med 340–400 millionar kroner i overskot. – Tala kjenner eg ikkje att, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Jan Tore Sanner

FEILINFORMERTE: Statsråd Jan Tore Sanner viste til overskot på mellom 340 og 400 millionar kroner, og meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune difor må tole eit kutt på 234 millionar kroner.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det var i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane at Jan Tore Sanner (H) presenterte tala og meinte fylkeskommunen har god råd til å tole kutta han har føreslått.

Dei kommande åra vil kommunalministeren kutte 234 millionar kroner i overføringar til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Innanfor Sogn og Fjordane sitt overskot på budsjettet, så er det godt rom for dette, sa Sanner.

– Blir overraska

– Sogn og Fjordane har hatt eit overskot i budsjettet dei siste fire åra på mellom 340 millionar og nesten 400 millionar kroner, argumenterte Sanner og gjentok påstanden tre gonger.

Bjørn Birger Bremer

OVERRASKA: Bjørn Birger Bremer er assisterande fylkesrådmann.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men det reelle overskotet er knapt ein tidel av det kommunalministeren hevdar. Slik feilinformasjon forundrar både byråkratar og politikarar i fjordfylket.

– Eg blir litt overraska over at vi har heilt andre tal enn det han opererer med, seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer og fortel om overskot i fjor på 45,4 millionar kroner.

– Feil faktagrunnlag

Bremer viser vidare til overskot i 2010 på 30,7 millionar, i 2011 27,4 millionar og 50,4 millionar kroner i 2012.

Regjeringspartiet Frp sin fylkesgruppeleiar, Frank Willy Djuvik, krev opprydding.

– Dei har basert sine avgjerder på eit feil faktagrunnlag. Då ventar eg at kommunalministeren går inn og får korrigert dette i høve dei reelle tala, og får gjort det på nytt, seier han.

Oppklara talbruken

NRK kontakta torsdag kveld kommunaldepartementet for å få ei oppklaring i talbruken. Sjølv om Sanner heile vegen omtala overskot, opplyste departementet at ministeren tala om netto driftsresultat til fylket.

Dette er er inntektene, minus driftsutgiftene. Samstundes gav dei også fylkeskommunen medhald i at fylkeskommunen sitt «rekneskapsmessige meir/mindreforbruk» har vore på mellom 27 og 50 millionar kroner siste åra.

– Statsråden viste i intervjuet til eit «overskot» på mellom 340 og 400 mill. kroner dei siste fire åra. Statsråden meinte då å vise til netto driftsresultat, skreiv departementet.

Dette held fast på også kommunalministeren då han fredag morgon kommenterte påstanden om feilinformasjon.

– Ein kan nytte ulike tal. Netto driftsresultat er etter at ein har trekt ifrå driftsutgifter, vedlikehald av vegar, betaling av lån og renter. Dette er overskotet før ein gjer avsettingar til fond og investeringar. Det illustrerer at Sogn og Fjordane har eit relativt godt utgangspunkt samanlikna med andre fylke.

HØYR HEILE SAKA OG FORKLARINGA TIL SANNER HER:

– For dårleg, uansett

Noralv Distad

LEIAR: Noralv Distad er fylkesgruppeleiar i Høgre, og såleis partifelle med kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men talet tek ikkje opp i seg mellom anna momsutgifter og investeringar som fylket vart pålagt då dei overtok ansvaret for riksvegnettet.

Fylkesgruppeleiar i Høgre, og partifelle med ministeren, Noralv Distad, meiner argumentasjonen til Sanner er dårleg, uansett kva tal som blir brukt.

– Det er klart at Sogn og Fjordane har hatt eitt overskot, men det viser berre at ein har hatt god økonomistyring og eg meiner at det ikkje kan brukast mot fylkeskommunen når ein skal fastsette framtidige rammer, seier fylkesgruppeleiar i Høgre, og partifelle med ministeren, Noralv Distad.

– Må gjere om på vedtak

Frank Willy Djuvik

OPPRYDDING: Frank Willy Djuvik (Frp) krev at statsråden ryddar opp.

Foto: Torje Bjellaas

Djuvik meiner på si side at Sanner må gjere om på sine kuttvedtak for å unngå at innbyggjarane i fylket skal bli skadelidande.

– Her må kommunalministeren sjå at dei kutta han faktisk har påført Sogn og Fjordane vil få enormt store følgjer for enkeltmenneske som bur i Sogn og Fjordane, sjølv om han trur at det var innan det vi hadde i overskot. Då må han gjere endringar på det, og det ventar eg han gjer, avsluttar Frp-politikaren.