NRK Meny
Normal

Her vart det full stopp for yrkessjåføren – fekk bot på 25.000

På trafikkstasjonen på Håbakken i Lærdal forstod dei fort at noko ikkje var som det skulle då dei stoppa den rumenske sjåføren.

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety, ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

FULL STOPP: Her på kontrollstasjonane i Lærdal enda turen for den rumenske sjåføren.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det viste seg at han hadde store problem med køyre og kviletida, fortel Tormod Gausdal, seksjonsleiar for køyretøy, indre Hordaland og Sogn og Fjordane.

Onsdag denne veka vart det estisk registrerte vogntog stoppa i kontrollen på Håbakken. Den rumenske sjåføren hadde tydeleg køyrt langt.

– Brota på køyre- og kviletida var såpass store at han vart pålagt 45 timars vekekvil på staden. Så han vart ståande i to døgn i første omgang, forklarar Gausdal.

Han fortel vidare at dei analyserte heile ruta hans, noko som stemte dårleg med forklaringa han hadde gitt dei.

– Vi var difor ganske sikre på at her vart det køyrt med falskt kort og ikkje med dei som var angitt, seier Gausdal.

Politiet avhøyrde mannen på fredag og gav han eit førelegg på 25.000 kroner i tillegg til at han fekk køyreforbod i Norge i ni månader. Sjåføren har vedteke bota.

Berre fem timar kvil i døgnet

Gausdal fortel at rumenaren har vore oppe i 18 timar køyretid i løpet av eit døgn, og at han har køyrt på ein annan mann sin identitet.

– Han har køyrt så lenge at han nede i under fem timar med kvile i døgnet, og han har 100 timar meir arbeidstid på to veker enn det han har lov til. Dette er trafikkfarlege forhold. Slike sjåførar er trøytte. Ein veit aldri når ei ulykke kan oppstå, seier Gausdal.

– Opplever dykk ofte så store overskridingar av køyre- og kviletida?

– Eg vil ikkje seie at det er ofte, men det er dessverre ikkje sjeldan heller. Denne gongen var vi såpass opptekne av dataene at vi melde det til politiet. Vi var ganske sikre på at han hadde brukt ein annan mann sin identitet.

Har blitt stoppa tidlegare

Køyretøy er også blitt kontrollert tidlegare, kan Gausdal fortelje. Men då var bilen eigd av eit anna firma i eit anna land.

– Men mykje tyder på at det er same firma som står bak no også. Det er tydeleg at enkelte firma ønskjer å utnytte sjåførar på ein måte som gjer at dei kjem ille ut. I tillegg til at trafikktryggleiken vert sett i fare, seier han.

I fjor melde Staten vegstell 170 tungtransportsjåførar for brot på køyre- og kviletidene berre i Sogn og Fjordane.

– Vi må dessverre melde altfor mange saker til politiet i løpet av eit år, seier Gausdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.