Hopp til innhold

Her vart det bom stogg for bussen

Ein turbuss har i natt køyrt seg fast i svingane på fylkesveg 302 mellom Øvre Årdal og Turtagrø.

Buss fast på Tindevegen

HIT MEN IKKJE LENGER: Turbussen må ha hjelp av bilbergar etter å ha køyrt seg fast i Fardal-svingane-

Foto: NRK-tipsar

– Eg kom køyrande i dag tidleg, og skulle til Vikadalen, og i dei øvste Fardal-svingane der stod ein buss om verkeleg hadde køyrt seg fast i ein sving og som sperra for all trafikk, fortel Sveinung Haug.

Like før klokka 12 melder politiet på Twitter at føraren av bussen er meld for å ha køyrt med lenger køyrety enn det som er godkjent på vegen.

Laster Twitter-innhold

Vegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal er berekna for køyretøy på inn til 10 meter, turistbussen som står fast er kring 14 meter seier Haug.

– Bussen er full av passasjerar, og det har nok ikkje vore kjekt for dei å stå der i fleire timar og vente på bergingsbil, seier Haug.

– Dette ein ganske smal og svingete veg, og då vert det utfordringar med ein så lang buss?

– Det er berre førenamnet. Eg snakka litt med sjåføren og forstod det slik at ingen av dei som var om bord skal vere skadde.

Bergingsbilar er no på veg til begge sider av der bussen står fast. Haug reknar med at vegen kjem til å verte stengd ei stund.

– Dei må nok prøve å dra bussen opp igjen mot Turtagrø, dersom dei skal prøve å få den ned til Årdal så har dei litt av ein jobb framfor seg, seier Haug.

Buss står fast

BOM FAST: Her vart det stopp for turbussen som har prøvde å køyre ned fylkesveg 302 frå Turtagrø til Øvre Årdal.

Foto: NRK-tipsar

Like før klokka 08:30 kan bilbergar Anders Frydenlund fortelje at dei no har fått bussen laus.

– Vi har fått jekka den opp, og dratt den opp frå svingen. No må bussen rygge opp igjen så langt at den får snudd, seier Frydenlund.

– For å prøve å få den ned til Årdal er ikkje noko aktuell problemstilling?

– Nei, det går ikkje han må tilbake den vegen han kom, og så køyre rundt. Eg reknar vel med at han kjem til å bruke ein halvtime på å rygge så langt at han kan få snudd, seier Frydenlund.