NRK Meny
Normal

Her var det varmast i landet i dag

Endeleg kom sommarvarmen! Lærdalsøyri i Sogn var den varmaste staden i Norge i dag med heile 27,2 varmegrader.

Gå til forsiden

Lærdal 27,2 grader!

Landbruk i Lærdal lærdalsdalen

Lærdal 27,2 grader!

4 bilder

    Etter ein sommar som går over i historia som temmeleg våt og kald, i alle fall på Vestlandet, var det mange frosne sjeler som fann fram sandalar og shorts i dag.

    – I dag har eg verkeleg gode temperaturar å melde, seier statsmeteorolog Anders Fivle til NRK.

    Dei offisielle målingane frå Vervarslinga på Vestlandet i Bergen, syner at Lærdal var aller varmast i landet, tett følgd av Bergen.

    – Bergen kom opp i 27,0 grader, medan Lærdal hadde den høgaste temperaturen med 27,2, fortel Fivle.

    Også laurdag kan vestlendingane vente seg mange varmegrader, sjølv om det truleg vil bli litt lågare maksimumstemperaturar enn det blei fredag.

    – Det vil trekke inn skyer og litt nedbør frå sør utover laurdagen, men i indre strok vil nok temperaturane nå opp i 25 grader, seier meteorologen.

    Utvalde maksimumstemperaturar fredag:

    • Fureneset 25,9 klokka 18
    • Fjærland 25,4 klokka 17
    • Svelgen 24,0 klokka 17
    • Stryn 24,2 klokka 16
    • Bergen 27,0 klokka 16

    Sjå alle dei flotte bileta vi har fått inn via Instagram med emnemerke #nrksf!

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster kart, vennligst vent...

    Slik deler du Instagrambileta dine med NRK Sogn og Fjordane

    GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
    "Parkslirekne er ein plagsam vekst".
    Detaljane skal finpussast