Her trefte vogntoget fjellveggen - vegen delvis sperra

Det er ikkje meldt om personskade etter at eit vogntog køyrde av vegen på fv.614 i Svelgen.

Ulukke

DELVIS SPERRA: Vegen er delvis sperra etter at eit vogntog trefte fjellveggen.

Foto: Ketil Nikolai Lindberg

– Politiet har avslutta og bilbergar er på plass. Bilen var lasta med dyrefor og dei driv å lastar den om, så det eine køyrefeltet vil vera stengt ei stund, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Trond Hatlenes.

Årsaka til ulykka skal vera at vogntoget kom utanfor vegen og ikkje klarte å retta seg opp att.

– Vogntoget kom truleg bort i noko stein på vegen og køyrde ut, seier operasjonsleiar, Espen Gulliksen.

Vogntoget køyrde av vegen ved Rise i Svelgen på fylkesveg 614.

– Det er ikkje meldt om personskade, seier Gulliksen.

Vegen er delvis sperra, men det er passering på staden.

Laster Twitter-innhold