Hopp til innhold

Her sprengjer dei ned ein enorm snøskavl

Ei enorm snøsky la seg over riksveg 15 i Oppstryn då store snømengder blei sprengde ned frå nær 1800 meters høgde.

Sprengjer snøfonn på Strynefjellet

SKAL TRYGGE VEGEN: Fonna blir sprengt ned for å hindre at snøen kjem ukontrollert.

Det er vêret den siste tida som gjorde at Statens vegvesen valde å sprenge ned Napefonna.

– Førre gong var vesle julaftan, og sidan det har det kome mykje ny snø. Det har også vore mykje vind som har bygd opp snøskavlen, seier byggjeleiar Vidar Solheim i Statens vegvesen.

Riksveg 15 vart stengt under nedskytinga, for fonnvinden kan leggje at mykje snø i vegbana og kjennest godt i området.

Fonnvinden er skummel, og tidlegare har vi vore bort i at bilar har blitt løfta og snudd av vinden.

Skote ned snø sidan 1980

Når vinden ligg og byggjer opp snøskavlar, brotnar skavlen når den blir stor nok. For å ha kontroll på fonna, blir den sprengt ned.

– Fonna var større enn på lenge. Vi var heldige, for det kom ned mykje snø.

Det har blitt lagt ut dynamitt og skote ned snø her sidan 1980.

– Erfaringsmessig er det nok. Viss ikkje har vi ei moglegheit med å bruke helikopter, og få ned fonna ved hjelp av ei såkalla daisybell-klokke som sender trykkbølgjer mot snøen så den tek laus, fortel Solheim.

Sikrar vegar

Sprengjer ned Napefonne

KOM NED MYKJE: Enorme snømengder kom nedover fjellsida.

Foto: Ivar Jarle Årsvoll

Skredforskar Krister Kristensen i NGI har sett videoen og seier det er eit spesielt skred.

– Det er ein hengedal høgt oppe i fjellsida, og snømassane går utfor eit bratt stup og rett i eit gjel. Det utviklar seg ein veldig snørøyk som går over vegen opptil fleire gongar fordi han går i svingar.

– Er det vanleg å ha sprengladningar liggjande?

– Det er ein metode å sikre vegar på. Snøen blir sprengt ned for å førebyggje og for å ha kontroll på skredaktiviteten langs utsette vegar.

– Det er eit stort skredområde i Grasdalen som i verste fall kan gå over vegen i fleire hundre meters breidde. Det er eit problemområde ein har prøvd å kontrollere i mange år. Det er ikkje heilt same type skred, men det har same type kontrollmekanisme, seier Kristensen.