Hopp til innhold

Her slit dei seg oppover... del turen din med oss på Instagram

Førde Opp er i gang, og hundrevis av store og små traskar oppover Hafstadkleiva. Du kan få glimt av løpet på vår Instagram-konto!

Det årlege motbakkeløpet i Førde, Førde Opp, er i gang. Gråvêret ser ikkje ut til å leggje nokon dempar på stemninga for dei mange som traskar opp mot toppen 706 m.o.h. på Hafstadfjellet.

I fjor sleit nesten 1.500 løparar seg til topps.

NRK følgjer løpet på Instagram.

Er du i løypa og tek kule bilete? Del dei med oss og alle andre med å merke bileta med #nrksf.