Hopp til innhold

Her sit guten usikra i 80-sona

Slik la sjåføren ut på den mest trafikkerte vegen i Sogn – med ein gut i traktorskuffa. – Farleg, seier politiet.

Gut i traktor

SKUMMELT: NRK-tipsaren meiner denne situasjonen fort kunne blitt skummel.

Foto: NRK.no-tipsar

– På så trafikkerte vegar burde ein tenkje litt lenger, seier tipsaren, som sende inn biletet til NRK.

Biletet er tatt i 80-sona på ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn.

Tipsaren seier sjåføren truleg har meint vel, og viser til at guten er utstyrt med klede med godt synleg farge. I tillegg har han ei pute å sitje på. Han er likevel klar på at dette kunne ha vore farleg:

– Det kan skje uføresette situasjonar, det veit vi som har hatt sertifikat ei stund.

– Særdeles uheldig

– Ikkje bra, seier Trond Hatlenes, når han får sjå biletet. Han er trafikkansvarleg i politiet i Sogn og Fjordane, men har «ikkje ofte» sett noko liknande.

– Eg ser at han er usikra og sit i lasteskuffa. Der er særdeles uheldig.

Å frakte passasjerar på denne måten båe er ulovleg og farleg, seier han:

– Det medfører stor trafikkfare å sitje der. Ein kan falle av, og ein kan bli påkøyrd av andre bilar som er på vegen.

Sjølv om transporten på biletet ikkje er etter boka, er det ifølgje vegtrafikklova lov til å frakte inntil to personar i bakmontert transportkasse på traktor. Kassen skal ha ein lem som er minst 40 centimeter høg på sidene og bak. Mot traktoren skal det og vere skjerming. Det er ikkje krav om tryggleiksbelte ved slik transport.

Trond Hatlenes

STOR TRAFIKKFARE: – Ikkje bra, seier Trond Hatlenes, trafikkansvarleg i politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Feie for eiga dør

Sjåføren av traktoren svarer at dette var stor ståhei for lite og at han «ikkje visste at dette var ulovleg»:

– Og det var dessutan ein kort tur. Men OK, då har eg lært ei lekse. Det skal ikkje gjenta seg. Men kan eg leggje til noko?

– Ja?

– Eg meiner det er minst like farleg å fikle med mobilen og ta bilete av andre i trafikken. Så eg foreslår at fotografen feie for eiga dør.

Gjorde eit unntak

Til dette svarer tipsaren at han er klar over at han ikkje burde knipse bilete mendan han sjølv køyrer, men at situasjonen var så viktig å varsle om at han gjorde eit unntak frå regelen.