Hopp til innhold

Her serverer dei ikkje kebab – men kjebab

Når kvelden blir lang, magen rumlar og lederhosen-antrekket er passe sveitt, kan Oktoberfest-deltakarane i Stryn gripe til årets nyvinning på matfronten – kjebab.

Ingebrigt Kyrkjeeide

Ikkje berre kleda, men også maten er spesialtilpassa under Okttoberfest i Stryn. Her serverer grillmeister og bonde Ingebrigt Kyrkjeeide kortreist kjebab.

Foto: Ole Heilevang / NRK

I dag starta den tradisjonsrike Oktoberfestivalen i Stryn, og tusenvis av bartar, menn i lederhosen og damer i bondepikedrakter tek over bygda for eit par dagar.

Kjebab laga under Oktoberfest i Stryn

KJEBAB: Kjebaben er laga av lokalt geitekjøt, tortillalefse, salat, dressing og - for dei som vil - geitost.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Men det er ikkje berre kleda som er spesielt tilpassa – det er også maten. For første gong serverer festivalen lokale råvarer. Årets nyvinning er kjebab laga av lokalt geitekjøt.

– Kjebab lagar vi av heile kje som vi har grilla. Når det er godt gjennomsteikt, skjer vi av kjøtet, fortel grillmeister og bonde Ingebrigt Kyrkjeeide.

Oktokberfest i Stryn 2018

SJÅ BILETSERIE: Første kveld er over for Oktoberfesten i Stryn. NRK tok turen tidleg på kvelden.

Foto: Ole Heilevang / NRK
Første kveld av årets Oktoberfest i Stryn er gjort unna.

Kje frå fjellheimen i Nordfjord

Kjebaben er i høgste grad kortreist. Geitene har trakka rundt i fjellheimen i Stryn.

– Vi har ein del areal som ikkje blir brukt til anna enn geiter. Det er mange som sluttar med produksjon, som spør om vi kan kome med geitene våre for å halde landskapet ope, fortel Kyrkjeeide.

Ingebrigt Kyrkjeeide

GRILLA KJE: – Kjebab lagar vi av heile kje som vi har grilla. Når det er godt gjennomsteikt, skjer vi av kjøtet, fortel grillmeister og bonde Ingebrigt Kyrkjeeide.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Geitekjøtet som blir brukt til kjebaben kjem frå boargeiter, som er ei kjøtgeitrase.

– Dei smakar veldig godt og likar veldig godt det som veks her. Geitene beitar heilt nede frå fjorden og oppover lia i Stryn, fortel han.

Geitekjøt +geiteost

Kjebaben får festivaldeltakarane servert med tortillalefse, salat, dressing – og for dei som ønskjer det – geitost.

– Det blir ei delux-utgåve den med ost på. Så varmar vi det opp, og ein får med seg i hendene. Så er det berre å kose seg, seier Kyrkjeeide.