Hopp til innhold

Dette stolsetet er eit viktig historisk dokument

Skota hadde falle i Sarajevo og Europa var på randa av krig. Likevel valde keisar Wilhelm II å tilbringe dei siste minutta før 1. verdskrig i favorittstolen sin på ferie i Balestrand.

Sigurd Kvikne

KEISARLEG KUNNSKAP: I stolsetet står det om keisar Wilhelm II sine siste timar og minutt på ferie i Balestrand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

28. juni 1914 smell det i Sarajevo. Den serbiske terroristen Gavrilo Princip drep den austerriksk-ungarske erkehertugen Franz Ferdinand og hans ektefelle Sophie von Hohenberg. Spenninga i Sentral-Europa er enorm, kontinentet ventar på krigen.

Samstundes sit keisar Wilhelm II heime i Tyskland og tel på knappane. Han veit at krigen snart kan vere eit faktum, men mest av alt så har han lyst å reise på ferie til sitt kjære Norge – og til favorittbygda Balestrand.

Han dro klokken 6 med Hohenzolleren bent til Kiel, da krigen havde ad bryde du mellem Østerrike og Serbien. Ultimatumet løb ut klokken 6

– Verdshistorisk dokument

– Det var jo at keisaren vanlegvis ferierte i Norge i juli. Og då skjer jo det heilt spesielle at han har så stor trong for å reise til Balestrand på ferie, at han han faktisk bestemmer seg for å kome hit etter skota i Sarajevo.

Hotelldirektør på Kviknes hotel i Balestrand, Sigurd Kvikne, smiler. Vel vitande om at han og familien der inne i hjartet av hotellet, Høyviksalen, eig ein skatt. Nemleg stolen keisaren sat på då han forstod alvoret og måtte bryte av ferien.

– Det er jo faktisk eit verdshistorisk dokument vil eg påstå, seier Kvikne, reiser seg og løftar av stolsetet.

Under setet er det nemleg skrive inn det som faktisk skjedde den aller siste dagen keisaren var i Norge, berre timar og minuttar før verda blei kasta ut i ein av dei blodigaste krigane verda har sett.

Skreiv inn under stolen

Det har gått ein månad sidan skota i Sarajevo, og keisaren sit heime i villaen til sin gode ven, kunstnaren Hans Dahl. Då keisaren reiser seg, skriv Dahl inn bak stolsetet:

«Keiser Wilhelm satt i denne stolen lørdag den 25. juli 1914 klokken 5 til 5 ½ om eftermiddagen da han med følge var hos professor Hans Dahl på Strandheim, Balestrand, Sogn for ad sige farvel. Han dro klokken 6 med Hohenzolleren bent til Kiel, da krigen havde ad bryde du mellem Østerrike og Serbien. Ultimatumet løb ut klokken 6.»

– Så han var her altså heilt til siste minutt, og han får då telegram om at Serbia ikkje har innfridd ultimatumet og at krigen er eit faktum, fortel Sigurd Kvikne.

– Så då reiser altså keisaren seg frå stolen, og kjem aldri meir tilbake til Norge?

– Så vidt som det er historisk kjend, så kom han aldri tilbake. Det er jo nokon rykter om at han inkognito kom tilbake, fordi han var så glad i Norge, men eg trur ikkje at han gjorde det.

Kviknes Hotel Balestrand

LANG TRADISJON: Kviknes hotel i Balestrand er eit av landets eldste hotell, og sentrum for reiselivskommunen. Her finn du også dei berømte keisarstolane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Her kan alle prøvesitje

I dag er keisaren sine favorittstolar tilgjengeleg for alle som vil prøve å sitje keisarleg. Høyviksalen på Kviknes hotel er møblert med mange av dei kunstnarleg utskjerte møblane frå møbelmakaren Ivar Høyvik. Keisarstolane stod opphaveleg hos Hans Dahl, eit par hundre meter frå hotellet.

– Så blei jo desse stolane selde på den berømte Dahl-auksjonen på 60-talet. Då var farmora mi så heldig å få kjøpt desse to. Først og fremst på grunn av at det var Høyvik-møblar som passa til salen her, og sjølvsagt på grunn av det unike som står under setet på den eine, seier Sigurd Kvikne.

Høyviksalen Kviknes hotel

KEISARSTOLANE: I den vakre Høyviksalen på Kviknes hotel står dei vidgjetne keisarstolane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Generalane styrte det meste

Historikar og forfattar Svein Skotheim kan meir enn dei fleste historia om keisaren sine 23 reiser til Norge. Når 1. verdskrigen nærma seg i 1914, så var keisarmakta blitt redusert – i Tyskland var det dei mektige generalane og politikarane som styrte det meste.

– Frå 1908 så var han ein marionettefigur i tysk politikk. Han blei jo gitt skulda for 1. verdskrigen, men han hadde uhyre liten påverknad på det. Han kunne stoppa den, det kunne han. Men då var to millionar soldatar på veg mot den belgiske grensa, og det blei berre umogleg, fortel Skotheim.

Mista mykje makt

Sitjande på ein stol i Balestrand er den ein gang så mektige keisaren klar over sin skjebne. I krigen kan han lite gjere, og i 1918 abdiserer han og bur resten av livet i eit jaktslott i Doorn i Nederland.

– Etter 1914, så er han jo absolutt ingenting. I 1916 så skriv han i sin eigen sjølvbiografi at han kokar sin te, går sine turar i skogen og blir med på møtene i generalstaben, og gjer som Hindenburg og generalane seier, fortel Skotheim.