Sat med hendene i kors i 15 minutt før han rygga på den smale vegen

På sin første tur med lastebil på Olden-Innvik fekk sjåføren frå Trøndelag oppleve kvifor vegen har eit så dårleg rykte. På eit av dei smalaste partia møtte han ein bubilsjåfør som nekta å rygge.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

– Han berre sat der med armane i kors og nekta rygge, seier Lars Kjelmo (31).

Lastebilsjåføren frå Trøndelag forstår godt at dei som køyrer ofte på fylkesveg 60 Olden-Innvik er frustrerte over standarden. Rykta om kor dårleg vegen er og kor mange problem som oppstår her var han godt kjent med før han la ut på turen.

– Men at dette skulle skje hadde eg vel ikkje trudd, humrar han.

Filma turen på «berømt strekning»

Det var Adresseavisen som først fortalde om episoden der Kjelmo møtte på det han opplevde som ein heller vanskeleg bubilturist. 31-åringen har sjølv køyrt strekninga fleire gonger med personbil, men det var første gong han sat bak rattet på ein semitrailer på den smale og kronglete vegen.

Han var då på veg tilbake til Trondheim etter å ha køyrt konsertutstyret til Åge Aleksandersen til Samnanger i Hordaland.

– Eg har eit kamera som eg brukar å setje på når eg køyrer på spesielle vegar, så då eg kom til den berømte strekninga så sette eg det på, fortel Kjelmo.

– Han nekta rygge

Og det skulle vise seg å vere lurt. For det gjekk ikkje lange stunda før han kom opp i ein heller kinkig situasjon. Fylkesveg 60 Olden-Innvik er kåra til Norges verste vegstrekning og Kjelmo fekk oppleve kvifor.

– Eg kom rundt ein sving og der møter eg ein bubil. Det var for smalt til å møtast akkurat der så då vart det full stogg, seier Kjelmo.

Kjelmo fortel at med det same dei to stogga front mot front, så var det ingen bilar bak bubilen. Sjølv hadde han minst tre bilar bak seg.

– Eg såg det som naturleg at han skulle rygge. Men så står vi der, og han ryggar aldri. Han blir ståande.

– Eg vinkar til han og prøver forklare at han må rygge. Men mannen i bubilen berre løftar på hendene og nei.

– Det var han som måtte rygge

Minutta går og mannen i bubilen vil ikkje rikke seg. Kjelmo går då ut av bilen og vil ta seg ein prat med den nederlandske mannen. Han meiner sjølv mannen må ha vore i 60-70-åra.

– Han har ned vindauget og berre kjeftar på meg. Han seier det er eg som må rygge, medan eg prøver å forklare at det er naturleg at han gjer det. Han har ei kortare strekning å rygge, og hadde jo ikkje nokon bak seg, forklarar Kjelmo vidare.

Etter kvart som minutta går kjem det fleire folk frå bilane bak fram for å finne ut kva som står på. Nokre trudde det kunne ha skjedd ei ulukke, men kunne fort konstatere at det heldigvis ikkje var så gale. Kjelmo seier også dei andre som kom til såg det som naturleg at det var bubilsjåføren som måtte rygge.

– Eg prøvde å mekle med han, men vi var ikkje samde. Han ville ikkje rygge, seier Kjelmo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Kjelmo

VERSTE VEGEN: Lars Kjelmo hadde med seg konsertutstyret til Åge Aleksandersen då han fekk oppleve den smale og kronglete vegen mellom Olden og Innvik i Stryn kommune.

Foto: Privat

Sat med falda hender og rista på hovudet

– Eg gjekk litt unna ei stund og tenkte han skulle få tenkje seg om og finne ut at det var han som måtte rygge. Men han sat i bilen og rikka seg ikkje.

Situasjonen verka med andre ord heilt fastlåst. Bak både bubilen og lastebilen byrja det no å bli mange bilar. Og naturleg nok var jo alle interesserte i å kome seg derfrå. På ny prøvde Kjelmo å komme til semje med den nederlandske bubilturisten.

– Eg gjekk bort til han og rekte fram handa og spurte om vi ikkje kunne vere kameratar. Eg beklaga situasjonen vi var kome opp i og lurte på om han hadde noko løysing på det.

– Han sat der med falda hender og rista på hovudet. Det verka som han var nervøs for å rygge.

Tålmodet sigra

Til slutt var det tålmodet til Kjelmo som vart avgjerande.

– Eg heldt fram handa ei stund og til slutt tok han den og sette bilen i revers. Sambuaren hans gjekk ut for å dirigere.

– Det var mykje tuting og kjefting, men det gjekk til slutt.

– Kva tenkte du då dette stod på?

– Eg var ganske oppgitt.

Han seier han ikkje såg på det som noko alternativ for han å rygge, då det var mykje lenger til ei ledig lomme for han og fleire bilar bak han enn bubilen. Kjelmo seier at også dei andre som stod midt oppe i situasjonen meinte den beste løysinga var at bubilen rygga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bubilsjåførar nekta rygge på "Norges verste veg"

RISTA PÅ HOVUDET: Lars Kjelmo fortel at bubilsjåføren sat lenge og berre rista på hovudet.

Foto: privat

– Heilt vanleg

Ein av dei som har ganske god oversikt over kva som skjer nede på den berykta vegen er Jogeir Agjeld. Han er leiar i Trongeråsen grunneigarlag og har engasjert seg for å få fortgang i utbetringa av vegen.

Historia om Kjelmo sitt møte med den vanskelege bubilturisten overraskar han ikkje.

– Eg synst det er litt greitt at slike situasjonar kjem fram, for dette skjer rett som det er. Eg har ikkje nokon statistikk på kor ofte, men det skjer for ofte, seier Agjeld.

– Barrikaderer seg i bilane

Dei som køyrer på vegen ofte har nok opplevd både ein og to situasjonar der det oppstår kø når bilar, både store og små, ikkje kjem forbi kvarandre. Historiene om snodige situasjonar blir på ingen måte færre med åra, seier Agjeld.

– Eg har sjølv opplevd å måtte forklare bubilsjåførar at dei no må leggje i revers og rygge. Stadig vekk høyrer ein om bussjåførar som tek over rattet i både bubilar, bilar med campingvogner og vanlege bilar for å rygge dei vekk, seier Agjeld.

Enkelte situasjonar utviklar seg til å bli vanskelegare enn andre. I Kjelmo sitt tilfelle nekta bubilsjåføren å rikke seg i minst eit kvarter. Agjeld veit om mange liknande tilfelle.

– Det er folk som kjem køyrande og når dei blir ståande låser dei dørene. Dei barrikaderer seg på ein måte i bilen og får ei form for panikk og veit ikkje kva dei skal gjere, seier Agjeld.

– Dette høyrest jo ekstremt ut?

– Det nok nokon som opplever det som ekstremt, men det grensar til normalt, seier Agjeld.

Ved fleire høve har dei som bur langs vegen måtte gripe inn og dirigere trafikken når det har korka seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkork mellom Olden og Innvik

KORK: Privatpersonar måtte dirigere trafikken då ein bubil gjorde at det korka seg fullstendig på riksveg 60 mellom Olden og Innvik sommaren 2009. Det er slett ikkje første gong.

Foto: Reidar Holen

Fryktar liv kan gå tapt

Sist sommar korka det seg fullstendig på vegstrekninga ein ettermiddag i august då ferjesambandet Lote-Anda var innstilt. Politiet måtte på plass for å prøve å løyse opp floka og først timar etter at dei kom kunne dei reise att.

Agjeld og grunneigarlaget gjekk då ut og kravde at det var laga eigne beredskapsplanar for å sikre innbyggjarar og bilistar langs vegen når trafikken korkar seg.

Det ein fryktar mest av alt er at utrykkingskøyrety skal bli møtte av kork på veg til alt frå husbrannar, sjukdom eller ulukker.

– Ein kan absolutt stille spørsmål om dette er forsvarleg. Det er einaste vegen i området med tanke på utrykkingskøyrety, seier Agjeld.

– Finst inga enkel løysing

Men kva skal ein så gjere for å unngå problema. Agjeld seier det er mange alternativ som har vore vurdert, men at det ikkje finst dei heilt gode løysinga på kort sikt. Lysregulering er blant tinga som har vore vurdert, men dette har ein funne ut at ikkje vil fungere.

– Ein kan heller ikkje ha ei ordning der folk må vere så og så flinke til å rygge for å kunne køyre her, seier han.

– Delar av strekninga er det enno ikkje løyvd pengar til utbetring. Dei pengane bør ein grave fram snarast, seier Agjeld som meiner fortgang i utbetringa av vegen er einaste løysinga på problema.

– Det seier noko om kor dårleg vegen er

Det er altså slett ikkje første gong, og heller ikkje siste gong at det oppstår liknande situasjonar på fylkesveg 60 Olden-Innvik. At historia om Lars Kjelmo sitt møte med vegen ei stund toppa Adressa.no meiner Agjeld er viktig for saka.

– Når ei vegstrekning i Sogn og Fjordane er på topp i ei trønderavis, så seier det noko om kor dårleg vegen er, seier grunneigaren.

– Dette er ikkje noko som berre lokale sutrepavar klagar over.

Samtidig har han litt forståing for dei som kjem opp i slike situasjonar.

– Eg forstår jo på eit vis dei som kjem hit. Streken på kartet er like brei som alle andre strekar på kartet, og så kjem dei til ein krøttersti. Ein veg der alle og ein kvar kan få problem med å klare å rygge på den smale, svingete og uoversiktlege vegen.

– Verste strekninga

For Lars Kjelmo vart den første turen med lastebil på Olden-Innvik til eit minne for livet. Han har køyrt lastebil i fleire år og har vore rundt på mange forskjellige vegstubbar i Norges land.

Vegen mellom Olden og Innvik er desidert den verste, seier han.

– Dette er den verste strekninga, heilt klart. Eg forstår godt at dei som køyrer her ofte ikkje likar seg.