Hopp til innhold

Fylket som skil seg ut - her stiller ikkje nattevandrarane opp

Det vanskeleg å få foreldre og føresette til å vere nattevandrar i Sogn og Fjordane. Natt til søndag møtte berre fire personar, sjølv om det stod seks namn på lista.

Vanskeleg å få folk til å stille som nattevandrar

NETT-TV: Vanskeleg å få folk til å stille som nattevandrar i Sogn og Fjordane.

Nattevandrarane er til for å skape eit tryggare sentrums- og gatemiljø for ungdommane. Ordninga er frivillig, men i Sogn og Fjordane opplever ein at det er vanskeleg å få folk til å stille. Det er stikk i strid med tendensen i resten av landet.

– Eg er i grunn ganske skuffa. Det er synd at foreldra ikkje tek ansvaret på alvor. I resten av landet opplever vi stor pågang frå foreldre som vil vere ute og passe på ungdommane våre, seier president Sven Mollekleiv i Norges Røde Kors.

Vanleg at mange ikkje stiller opp

NRK.no var med nattevandrarane i Førde på patrulje natt til søndag. Då var det to stod på vaktlista som ikkje møtte opp.

Denne helga var det Jostein Berentzen, Erlend Birkeland, Monica Bydal Hauge og Belel Ahmed som skulle passe på ungdommane i Førde. Dei skulle eigentleg ha vore to til.

Men det har blitt ei vane at ikkje alle stiller. Førre helg, natt til 1. mai, var det fire av sju som kom. NRK.no har vore i kontakt med foreldre som har møtt opp heilt åleine.

– Dette er ei viktig samfunnsplikt. Det er viktig med synlege vaksne i bybiletet om kveldane i helgane. Ungdommane må ha vaksenpersonar dei kan vende seg til, seier Berentzen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nattevandrarar i Førde

PATRULJE: Politiet meiner det er viktig at foreldra er synlege også i sentrumsbilete når poden er ute på livet.

Foto: Simon Solheim/NRK

- Dei burde prioritert å stille opp

Det er fråfall blant nattevandrarane nesten kvar gong. Bente Nilsen Halvorsen i Sogn og Fjordane Røde Kors seier tendensen er den same i heile fylket.

– Det er ikkje så vanskeleg å få folk til å skrive seg på ei liste, men når dagen ein skal gå kjem, er det ikkje alle som stiller. Det er ein generell trend, dessverre, seier Halvorsen til NRK.no.

– Det er litt for enkelt å berre la vere å komme når ein først har meldt seg som nattevandrar. Det er ei viktig oppgåve. Ein burde faktisk prioritere høgt å stille opp, seier Jostein Berentzen og dei tre andre nattevandrarane som stilte opp natt til søndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Mollekleiv

SKUFFA: President Sven Mollekleiv i Norges Røde Kors.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Skil seg frå resten av landet

President i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv, seier fråfallet i Sogn og Fjordane skil seg frå resten av landet.

– Det er veldig overraskande. Tendensen i resten av landet er ein betydeleg vekst i tal vaksenpersonar som ser viktigheita av å stille opp for ungdommen for å bidra til tryggleik i nærmiljøet, seier Mollekleiv.

Oppmodinga hans er klar:

– Det er svært viktig, spesielt no i desse russetider, å vere ute i gatene. Appellen frå Røde Kors til vaksne og spesielt foreldre av tenåringar, er å stille opp for ungane våre slik at dei kan feire på ein forsvarleg måte.

- Ungdomen gir positive tilbakemeldingar

Kvar laurdag klokka elleve møtast nattevandrarane som står på vaktlista. Dei patruljerer gatene gjennom heile natta, og skal mellom anna førebyggje vald og bråk.

Erlend Birkeland har vore nattevandrar ein gong tidlegare og han seier det er givande å få vere med på:

– Eg trur ungdommen set pris på at vi gjer dette. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå ungdommen som er ute på byen, seier Birkeland.

- Kanskje kunne uheldige saker vore avverja

På Festplassen i Førde sentrum var russen samla allereie tidleg på kvelden. Festen er godt i gang og fleire av ungdommane er godt rusa.

Birkeland og Berentzen held auge med nokre ungdommar som tissar i elva. Det er fort gjort å ramle uti.

Hittil har russetida vore prega av tre valdtektssaker. I Førde er ein russ sikta for mogleg valdtekt av ei jente på ein russefest natt til onsdag og i Oslo er tre gutar sikta for valdtekt på Tryvann .

I Ålesund jaktar politiet på ein mogleg valdtektsmann etter ein russefest natt til torsdag. Berentzen seier det er ekstra viktig at nattevandrarane er synlege no i mai:

– Slike saker viser kanskje endå meir kor viktig det er at vi er ute. Kanskje ein kunne avverja slike ting dersom fleire hadde stilt opp, seier Berentzen.

- Det er viktig at foreldra bryr seg

Politibetjentane Lars Henrik Gimmestad og Simon Haveland var også på patrulje i Førde sentrum natt til søndag. Dei seier det er viktig at foreldre bryr seg:

– Vaksenpersonar som kan vere gode førebilete er alfa omega i bybiletet om natta. Det er mange ungdommar ute no, og det er også mange som er under 18 år. Nattevandrarane gjer ein veldig god jobb, og ikkje minst ein viktig jobb, seier Gimmestad.

Ein full russ kjem bort til nattevandrarane Jostein Berentzen og Erlend Birkeland. Han vil gi dei skryt for jobben:

– Dykk gjer ein fantastisk jobb. Eg blir glad både innvendig og utvendig fordi folk som dykk bryr seg. Det er kjempeviktig at de stiller opp for oss, seier han.

Nattevandrarane pleier å vende heim att ved tre-tida. Det var ein forholdsvis roleg natt denne gongen. Men det er ikkje kvar gong det er slik.

Nattevandrarar i Førde

FRIVILLIGE: Jostein Berentzen, Erlend Birkeland, Monica Bydal Hauge og Belel Ahmed.

Foto: Simon Solheim/NRK