NRK Meny
Normal

Her markerer dei starten på ei ny bru

I dag starta omsider arbeidet med å byggje den nye Loftesnesbrua i Sogndal, brua som har vore etterlengta i ei årrekkje.

Arbeidet med Loftesnesbrui er no sett i gang.

FØRSTE LASS: Det første av mange trailerlass vart måndag dumpa på fjorden for å markere byggjestart. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

Det vart markert med at det første trailerlasset vart dumpa i fjorden måndag ettermiddag.

Gunnar Solbakken Statens vegvesen

I GANG: Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har venta ei stund, men no er vi endeleg i gang. Vi er veldig glade for at det første lasset har kome på plass og det blir fleire ganske fort, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

40.000 kubikk skal ut

Fram til 1. mai skal fyllingsarbeidet gå føre seg.

byggestart loftesnesbrui

STARTSKOT: No er arbeidet med den nye Loftesnesbrui i gang.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er 40.000 kubikk med masse som skal ut på denne sida her no først, seier Solbakken.

I mars håpar Statens vegvesen å vere i gang med førebuande peiling, grunnlaget for fundamenta som skal stå ute i fjorden. Men den nye brua vil først stå endeleg klar i slutten av 2017. Då skal den gamle brua rivast, og prosjektet er venta å vere ferdig sommaren 2018.

Loftesnesbrui

SKAL RIVAST: Den gamle brua skal vekk, og ei ny skal på plass rett ved sidan om. Den nye brua skal starte der biletet er teke frå.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ei «nettverksbogebru»

Brua blir ikkje berre annleis på den måten at den blir breiare.

– Det er ei nettverksbogebru som består av tre delar. Det er to sidespenn og så kjem det eit midtspenn som blir hovuddelen på brua som vil ha ei boge over køyrebana. Den er samanbunden med stag som gjer at ho får namnet nettverksbogebru, fortel Solbakken.

Det er særleg dei mjuke trafikantane som vil merke betring med den nye brua, men tilhøva vil også bli mykje betre for bilistane. Den gamle brua vil ta unna trafikken under arbeidet, og håpet er at arbeidet skal påverke bilistane minst mogleg.

– Men noko vil dei merke, det er ikkje tvil om. Vi har hatt spesielt fokus på trafikktryggleik i arbeidsperioden. Det er om lag 9000 bilar i området dagleg. Det blir også ei utfordring at vi jobbar så nært inn mot den eksisterande brua, seier Solbakken.

Loftesnesbrui nye - modell

NY BRU: Slik skal den sjå ut.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Gler seg over byggestarten

Totalt vil prosjektet koste 320 millionar kroner. I mai i fjor kom klarsignalet om at bygginga kunne starte, men planane har eksistert i lang tid før det. I 2009 kom brua inn i andre del av Nasjonal Transportplan.

Bak dette stod mellom anna stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

– Eg la den inn i prosessen undervegs, for eg meinte då og eg meiner no, at den brua er skikkeleg trafikkfarleg. Det er moro å få vere med på å setje i gang eit prosjekt som er viktig for Sogndal, men også regionen og heile fylket, seier ho.

Også Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) er nøgd med at spaden er sett i jorda.

– Dette er ein stor dag og ein dag vi har venta på lenge. Det har teke litt lenger tid enn det strengt tatt skulle ta, men det gløymer vi no. For det som dei no skal jobbe fram som resultat har aldri vore så bra som det ser ut no.

Loftesnesbrua

ILLUSTRASJON: Slik skal den nye brua sjå ut.

Foto: Statens vegvesen / skisse
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser