Hopp til innhold

Her må du bu deg på litt ventetid

Også denne helga er det tilløp til lange ferjekøar på Hella, grunna stenginga av Gudvangatunnelen på E16.

Kø på Hella

STOD ATT: Denne køen stod att då ferja gjekk frå Hella til Vangsnes klokka 18.

Foto: NRK-tipsar

– Det har nok toppa seg litt no når det er helg, men dette trur vi går seg til. Men vi får ein del ekstra trafikk når tunnelen er stengd, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Det var 11. august at ein turistbuss tok til å brenne i Gudvangatunnelen. Tunnelen var stengd ei veke, men vart så opna for kolonne for køyretøy over 7,5 tonn.

På grunn av arbeid i tunnelen i kveld, er kolonna som skulle gå klokka 18.00 utsett til 21.00, noko som kan forklare den auka trafikkmengda på Hella-Vangsnes.

Tunnelen er framleis heilt stengd for personbilar, noko som isolert sett fører til auka trafikk over Vikafjellet. Det gir igjen meir trafikk på ferjesambandet Hella-Vangsnes, noko dei reisande har fått merke.

Ferja går heile natta

Då ferja gjekk frå Hella klokka 18, stod det att ein lang kø som ikkje fekk vere med. Fjord1 har førebels ikkje registrert problem på sambandet, men NRK har hatt kontakt med fleire som har stått att fordi det ikkje var plass på ferja.

– Men det er mykje trafikk på grunn av tunnelstenginga. Vi har normal drift, seier Kristoffersen.

På grunn av tunnelstenginga kjem ferja til å gå også på nattetid.

– Det held vi fram med til måndag. Avgang vert kvar heile time frå Hella og kvar halve time frå Vangsnes, seier Kristoffersen.

  • Oppdaterte vegmeldingar finn du her