Hjullastaren som sperrar riksveg 5 mellom Førde og Florø kom nok for brått på den rusa mannen. Sjølv om sperringa, på grunn av rasfare, er skilta ein kilometer i førevegen.
For like over klokka 01 fekk AMK melding om trafikkulukka ved Erdal.
Føraren vart raskt mistenkt for promille, men var også så skadd at han vart frakta til Førde sentralsjukehus. Om ikkje det var nok, viste det seg at bilen var identisk med ein bil som var stolen frå ein bilforhandlar i Førde.
Gjerningsmannen tok seg inn i lokala, tok ein bil og rygga denne ut att gjennom ein lukka port. Unødig å seie, hendinga blir følgt opp av politiet.