Hopp til innhold

Her kom snøen brått på i dag tidleg

Den første snøen har lagt seg på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Ver obs om du skal ut på vegen i dag, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen.

Snø i Sogndalsdalen 11. november 2015

FRÅ REGN TIL SNØ: Det snur fort om dagen, og klokka 08 onsdag morgon er det snødekke på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Biletet er frå Statens vegvesen sitt kamera ved Frudalen.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Mange går og ventar på det første snøfallet, og i dag må du vere budd på å møte den om du skal gjennom Sogndalsdalen. Der er nemleg vegen kvit onsdag morgon.

– Det har snødd tung og kram snø som vart liggande som slaps på vegen, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

PS: Det snur fort, og klokka 12 onsdag viser Statens vegvesen sitt webkamera i Frudalen at det er bar veg på strekninga.

Ingen stad for sommardekk

Ein av dei som møtte den første snøen i Sogndalsdalen i dag var Ola Søgnesand som køyrde frå Førde til Sogndal.

Ola Søgnesand

MØTTE SNØEN: Ola Søgnesand.

Foto: Ragnvald Søgnesand

– Det er slik med den første snøen, når det er rundt null grader at det gjerne er dårleg feste. I dag hadde det lagt seg eit god lag i vegen, så eg var veldig glad for at eg var godt skodd.

Han fortel at det var kome såpass mykje snø i Sogndalsdalen at han måtte køyre ganske forsiktig, sjølv om han hadde vinterdekk. Det var det kanskje ikkje alle medtrafikantane hans som hadde gjort.

– Eg hadde ein bil bak meg som tok kraftig inn på meg i Frudalstunnelen. Han forsvann då vi kom ut av tunnelen, så han var antakeleg ikkje så godt skodd. I dag er det ikkje tilrådeleg å køyre på sommardekk, seier Søgnesand.

Ut for å brøyte

Ved Vegtrafikksentralen seier Erikstad at entreprenøren er send ut for å brøyte. Det er vegarbeid i Frudalstunnelen, og det er difor om å gjere at vegen er bar slik at det ikkje blir problem for folk å kome i gang att.

Førebels har ikkje Vegtrafikksentralen fått melding om snø andre stader i låglandet, men det har mellom anna sludda på Utvikfjellet i morgontimane.

– Vi får ein del spørsmål frå folk som lurer på om dei kan køyre med sommardekk. Folk må vere obs og sjekke forholda, seier Erikstad og fortel at forholda snur fort.

Til dømes var det bart og vått på riksveg 5 i Sogndalsdalen klokka 5 i dag tidleg, men i løpet av morgontimane har nedbøren gått frå regn til snø.

Det er elles ikkje meldt om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i fylket, der det fleire stader er meldt om vekslande snødekke og slaps.

  • E16 Filefjell – vekslande snø og snøslaps
  • Riksveg 13 Vikafjellet – snødekke i høgareliggande strok
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – snø- og isdekke i høgareliggande strok
  • Fylkesveg 13 Gaularfjellet – Snødekke
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – snø- og isdekke
  • Fylkesveg 55 Sognefjellet – snø- og isdekke over ca. 1000 meter. Nattestengd mellom 22 og 08