Hopp til innhold

Her gjekk det veldig gale

Hengaren til dette vogntoget hamna i fjorden på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Lastebil av vegen mellom Olden og Innvik

AV VEGEN: Køyreturen gjekk ikkje heilt som planlagt.

Foto: NRK.no-tipsar

Politiet fekk melding om uhellet ved Skarstein ved to-tida natt til fredag.

Delvis i fjorden

– Det må to bergingsbilar til for å få fjerna vogntoget. Vegen vil tidlegast opne igjen klokka elleve, sa operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt i 06.00-tida.

Ifølgje ein NRK.no-tipsar ligg vogna delvis ut i fjorden. Ingen personar vart skadde i uhellet, opplyser politiet.

Klokka 10.35 pågjekk det framleis bilberging ved Skarstein, men det er no mogleg å passere. Statens vegvesen reknar med at vegen vil vere ferdig rydda i løpet av føremiddagen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjem seg ikkje på skule og jobb

Vogntog av vegen i Stryn

I FJORDEN: Hengaren ligg delvis i fjorden.

Foto: NRK.no-tipsar
Vogntog av vegen i Stryn

VANSKAR: Vegstenginga skapar vanskar for dei som skal på skule og jobb.

Foto: NRK.no-tipsar

Vegstenginga har skapt vanskar for både skuleelevar og dei som skal på jobb. Heile administrasjonen ved Olden skule seg ikkje på jobb i dag tidleg, og rundt 30 elevar vart råka.

Inspektør Terje Raftevold var på «feil» side av vogntoget, og har arbeidd heime i morgontimane.

– Vi har sett i gang ein aksjon for å gje alle beskjed om vegstenginga. Fjord1 vil setje opp buss når vegen opnar igjen i elleve-tida. Her heime har vi forskjellig anna å gjere. Det er jo helg snart, så vi må jo vaske hus mellom anna, spøker Raftevold.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til ulykka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.