NRK Meny
Normal

Overraska over at arbeidsløysa går ned

På landsbasis har arbeidsløysa auka til tre prosent i juli, men i Sogn og Fjordane går arbeidsløysa noko overraskande ned.

Næringsliv i Sogn og Fjordane

FÆRRE LEDIGE: Medan det blir fleire ledige på landsbasis, går talet ned i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Ut frå prognosane våre som blei laga ved nyttår, hadde vi venta ei auke i arbeidsløysa. I tillegg er det vanleg med ein auke utover sommaren, seier fungerande direktør i NAV, Knut Steinar Eitungjerde.

Årsaka til at arbeidsløysa er lågare enn venta, er at reiseliv, industri, bygg og anlegg held fortet også i juli.

Om lag 1100 personar er heilt utan arbeid i fylket ved utgangen av juni, og det svarar til to prosent av befolkninga.

Arbeidsløysa er framleis høgast i kystkommunane frå Selje i nord til Florø i sør, mykje grunna permisjonar i fiskeriindustrien.

– Det er normalt og ingenting overraskande. Fiskeri har svingingar og har sine normale syklusar.

Lågast ligg Gulen, Gloppen, Balestrand og Lærdal som alle har under éin prosent arbeidsløyse.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser