Hopp til innhold

Her får dei beskjeden som utløyste endå fleire tårer

I sitt andre forsøk gjekk Florø drill heilt til topps i NM – og kvalifiserte seg til EM. Det vart nesten for mykje av det gode. – Ingen trudde det dei høyrde. Dei grein og lo om ein annan, fortel Camilla Skorge.

I sitt andre forsøk gjekk Florø drill heilt til topps i NM. Då dei fekk vite at EM-billetten var sikra braut det ut full jubel.

JUBEL OG TÅRER: Drilljentene frå Florø braut ut i vill jubel då dei fekk vite at den sterke prestasjonen i NM hadde sikra dei EM-billett.

I konkurranse med Manstad skolekorps, Skedsmo Drill og Sveio drillkorps var det drilljentene frå Florø som trekte det lengste strået.

Med 1,4 poengs avstand til tropp nummer to. Og nær tre poeng framfor vinnaren gjennom dei fem siste åra, Skedsmo.

– Det var relativt gode troppar som tidlegare har vore tekne ut til EM. Skedsmo slo oss med ti poeng i fjor, seier styreleiar Camilla Skorge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø drill

TIL EM: Florø drill stilte i den yngste klassa under NM i Larvik. Dei gjekk like godt heilt til topps.

Foto: Privat

Hadde ei god kjensle

Jentene hadde ei god kjensle etter framføringa, men temperaturen steig då troppane var samla til premieutdeling laurdag kveld.

Til slutt vart det siger i den yngste klassa under NM i Larvik. No kan dei bu seg på tur til Italia og EM 2. til 4. oktober.

– Først leste dei opp 3. plassen. Så 2. plassen. Då visste vi at vi anten vart nummer ein eller fire. Vi våga ikkje tru på siger, så jentene fall litt saman. Så vart det vill jubel, smiler Skorge.

– Hadde de vinnarkjensla etter framføring?

– Vi hadde vel eit håp, men tenkte mest på andre og tredjeplass. Jentene var veldig nøgde fordi dei gjennomførde programmet slik dei skulle.

Fem år gamle

Den nybaka norgesmeisteren er ikkje noko gammal tropp. Florø drill såg dagens lys i februar 2010 etter at hovudtrenar Anja Knudsen var komen til kystbyen. Ho har tidlegare vore med i Sinsen skoles musikkorps og Sinsen ungdomskorps. I fjor vart Florø nummer to i NM.

I dag tel troppen 33 jenter. Det er for ein stor tropp å rekne. Også på landsbasi. 24 av jentene, i alderen ni til 16, var med til NM i Larvik.

– Vi har jenter som har vore med frå starten til no. Spesielt for dei er dette kjempestort. Det er ein stor prestasjon å bli Norgesmeister på så kort tid, seier Skorge.

Ingen korps i NM

Denne helga vart det også arrangert NM for brass- og janitsjarkorps. Her stilte ingen korps frå Sogn og Fjordane.

Når fylkets einaste kort gjer det så bra, smakar sigeren ekstra godt.

– Eg kunne ikkje vore stoltare, avsluttar styreleiaren.