Hopp til innhold

Her er påskequizen for 16. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. På eit illustrert kart over Norge var Oslo og Sunnfjord dei viktige stadane som var markert. I kva storavis stod denne kartillustrasjonen på trykk i januar?
  2. Det høgaste fjellet i kommunen er på 777 meter over havet. Fjellet deler første del av namnet med ein straum og ein fjord i same kommune. Kva heiter ordføraren i denne kommunen? Vi vil ha etternamnet.
  3. Handballspelaren Hege Bakken Wahlquist frå Årdal er kjærast med ein norsk handballkeeper. Han sikra Norge ekstraomgangar i VM-semifinalen mot Kroatia. Kva heiter han til førenamn?
  4. Ved utgangen av 2016 budde det kor mange innbyggjarar i Sogn og Fjordane? Fullfør talet med bokstavar, eitthundreog?
  5. I februar klarte ein fange å rømme under ei overlevering mellom to politipatruljar. På veg til kva fengsel skjedde det?
  6. Kongevegen over Filefjell fekk rett før påske ein gjev pris. Prisen blir kalla kulturminnevernet sin Oscar-pris. Kva heiter prisen?
  7. I tillegg til kvit, kva farge har kommunevåpenet til Fjaler?
  8. Når gondolbana Hoven Loen opnar i mai, blir det med ein kongeleg på gjestelista. Kven?
  9. Klippa som stikk opp av havet i Vågsøy kommune har status som naturreservat, og har vore rekna som eit av dei største fuglefjella i Sogn og Fjordane. Kva heiter klippa?
  10. Kva heiter Høgre-politikaren som er leiar av hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane? Vi vil ha førenamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!