Hopp til innhold

Her er orsakinga frå Sanden

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, vil ikkje la seg intervjue om orsakinga han kom med under torsdagens kommunestyremøte i Lærdal.

Orsakinga kom etter ei lengre tids konflikt mellom han og rådmann Bent Arild Grytten. Fylkesmann Oddvar Flæte meiner orsakinga var ei klok og vaksa avgjerd .

Ordføraren vil ikkje sjølv la seg intervjue, men har sendt heile orsakinga si på epost. Den er gjengiven under:

Gode kommunestyre

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak i sak 01/10 i møte den 27. januar vil eg kome med ei fråsegn til Kommunestyret. Det gjeld ,som dei fleste vil forstå , det som eg oppfattar er vorte omtala som ”saki”. Eg har sett opp dette punktvis.

  1. Eg har forstått innhaldet i kommunelova og vil for framtida fullt ut respektere rådmannen sine oppgåver og plikter, spesielt i høve til §23 i kommunelova. Rådmannen har det heile og fulle ansvaret for at saker som vert framlagt til politisk handsaming er fullt ut godt utgreidd. Det respekterar eg.
  2. Eg ber kommunestyret om orsaking for at eg har opptredd uakseptabelt i forhold til vår rådmann Bent Arild Grytten. Eg gjer og klart at eg forstår at det er kommunestyret som har ansvaret for rådmannen sitt tilsetjingsforhold i kommunen og som ordførar hadde eg ikkje fullmakt til å be rådmannen om å vurdere stillinga si.
  3. Eg ber om orsaking til kommunestyret for mi handtering av konflikten, som har påført både tilsette, Lærdal Kommune som organisasjon og bygdi vår ekstra byrder. Denne erkjenninga har og vore ei tung bør i bera dei siste vekene.
  4. Eg forsikrar kommunestyret om at eg i tida frametter skal ha ytterlegare fokus på samarbeid med både rådmannen, administrasjonen og dei folkevalde, til beste for utviklinga av bygdi vår og organisasjonen Lærdal Kommune. Eg ser i ettertid at eg burde ha lytta til dei råda som vart gitt meg i denne saki.
  5. Til slutt vil eg forsikre kommunestyret og innbyggjarane i Lærdal om at eg kjem til å halde fram å arbeide hardt og målvite, kvar einaste dag i resten av denne valperioden, for å gjennomføre dei politiske måla og visjonane som mitt parti, Lærdal Arbeiderparti, gjekk til val på i 2007.

Eg er optimist av natur og eg ser lyst på framtida for lokalsamfunnet i Lærdal. Trass denne saki, er Lærdal Kommune framleis ein av dei beste kommunane i landet å bu i, me har eit svært godt tenestetilbod til innbyggjarane våre og kommunen har framfor alt, ein solid økonomi.