Hopp til innhold

Her er èin ting som likar regnet

Blomkål likar det fuktig. Difor har det nesten vore ideelle forhold for produksjon av blomkål denne sommaren.

Gardsutsalet på Mo i Førde har eit stort utval av grønsaker trass dårleg sommarvêr. Blomkålen trivast faktisk best i fuktig vêr. Då blir den stor og flott.

FILM: Sjå kort nettfilm frå Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Dårleg sommar har gjort at grønsakene har vakse seinare enn normalt fleire stadar i fylket.

I drivhusa på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Sunnfjord bognar det av ulike grønsaker, men akkurat no er tomat mest populært hjå kundane.

– Det plar vere slik på denne tida at vi har ein relativt stor kø når vi opnar butikken. Og det er tomat folk vil ha, seier Nils Jørgen Helgheim, lærar i planteproduksjon.

– Kvifor det?

– Kundane seier det er god smak. Og det kan stemme, for vi har ikkje dei mest optimale produksjonsforholda her, plasthusa gir ikkje nok varme. Det betyr at dei modnar seinare, og då dannar det seg meir smak i tomaten, seier Helgheim.

– Kva har været hatt å seie?

– Det har mykje å seie, sjølv i eit plasthus. I år er vi seinare ute enn det som kanskje er vanleg. I alle fall for tidlegproduksjonen.

Men ein grønsak trivast godt i fuktig sommarvêr, og det er blomkål.

– I år har det nesten vore ideelt for blomkål, så det er ikkje heilsvart for alt, smiler Helgheim.