Hopp til innhold

Her er NRK-medarbeidarane sine favoritt-dialektord. No kan du også sende oss ditt!

Forstår du kva orda attefåkja, jille eller potlaskatt tyder? Dei er i alle fall blant favoritt-dialektorda til medarbeidarane i NRK Sogn og Fjordane.

NRK Dialektriket Sogn og Fjordane

NRK-FAVORITTANE: Forstår du kva NRK-medarbeidarane sine favoritt-dialektord tyder? Bak f.v. Tale Hauso, Unni Rekkedal, Terje Gilleshammer, Idun Fivelstad, Brit Jorunn Svanes og Eva Westvik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dialekt er vinden som aldri før, og skapar debatt så det held. Ikkje minst etter at Yasmin Sayed sette i gong TV-serien Dialektriket på NRK1.

Kvar sundag tek ho med sjåarane rundt om i landet for å nettopp setje fokus på alle dei spennande og fantastiske dialektene våre.

Samstundes har NRK starta Dialektaksjonen der målet er å kåre det beste dialektordet. Mange også her frå fylket har lagt inn sine forslag.

No har nokre av medarbeidarane i NRK Sogn og Fjordane funne sine favorittord frå si dialekt, og veit du kva orda tyder – så kan du bli med i trekninga av eit flott NRK-krus.

Sjå orda under, og send oss di løysing på ein e-post – skriv gjerne også ditt favorittord på ein plakat, få nokon til å ta bilete og legg ved e-posten. Du kan også poste bilete på vår Facebook-side eller på Instagram

Favorittorda:

Tale Hauso, praktikant: Potlaskatt

Unni Rekkedal, administrasjon: Tåsje

Terje Gilleshammer, journalist / lærar: Sytalaust

Idun Fivelstad, praktikant: Jessvinjte, jætslæpa

Brit Jorunn Svanes, journalist: Jille

Eva Westvik, journalist: Attefåkja

PS! Deler du denne artikkelen eller bilete på sosiale medium, bruk gjerne emnemerka #nrkdialekt og #nrksf