Hopp til innhold

Her enda traktoren til Knut

HELGHEIM (NRK): Knut Huus prisar seg lukkeleg over at han ikkje var i båten då traktoren hamna i Jølstravatnet.

Traktor i fjorden

HAMNA i VATNET: Traktoren enda i Jølstravatnet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Knut Huus

GLAD HAN IKKJE VAR DER: Knut Huus seier det kunne gått skikkeleg gale.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Bonden skulle berre gjere klar til fisketur og var ei stund om bord i båten som ligg ved Helgheim i Jølster. Uhellet skjedde etter han reiste frå staden.

– Eg blei ganske overraska då eg kom tilbake og såg kva som hadde skjedd. Det er berre flaks at den ikkje fór i vatnet medan eg var i båten. Eg trur det hadde gått dårleg med meg då.

Huus trur han veit årsaka til at traktoren enda utfor kanten og ned i vatnet.

– Eg har mest truleg gløymt å setje den i park slik at traktoren har trilla ut etter eg har reist.

Ein bergingsbil er på staden for å prøve å dra traktoren opp. Huus håper det ikkje er mykje skader på den.

– Den står jo veldig bratt, men eg håper den er i grei stand. Eg håper det ikkje er vatn i motoren, men det veit eg ikkje før den er dregen opp, seier han.

Traktor i fjorden

VEIT IKKJE SKADEOMFANGET: Eigaren håper traktoren ikkje har fått vatn i motoren.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK