Hopp til innhold

Her blir vegen stengt tre timar om gongen

I samband med skredsikringsarbeidet i Råumsberget i Luster, må vegstenginga aukast opp. Dette fører til lange stengingar.

Råumsberget
Foto: Statens vegvesen

Frå måndag 2. november blir fylkesveg 55 stengd i vel tre timar midt på dagen ved Råumsberget. Vegen blir heilt stengd frå klokka 10:10 til 13.20. Fram til no har det vore timesstengingar.

– Det er nødvendig med denne ekstra stenginga for å få trygge området for vinteren. Det har vore vanskeleg å arbeide effektivt med dei timesstengingane vi har hatt til no, seier byggjeleiar Svein Jarle Slinde i ei pressemelding.

For at trafikantane ikkje skal ha for stor ulempe, blir det sett inn ekstra ferje frå Ornes og Solvorn. Rutegåande trafikk passerer som før.

I tillegg til den lange stengingar midt på dagen, blir det også timesstengingar mellom 07:00 og 18:00.

På laurdagar blir det ikkje langstenging, berre timesstengingar. Og dei tek pause i arbeidet frå klokka 13:00, og det blir då fri ferdsel fram til måndag morgon.

– Vi håpar på få reinska området vie driv på med no i løpet av denne perioden, så sant alt går etter planen, seier Slinde.

Dei lange stengingane vil bli avslutta i løpet av fredag 13. november.

Råumsberget
Foto: Statens vegvesen