Her blir promillekontrollen varsla

Politiet er opprørt over at promillekontrollar no blir varsla på sosiale medier. Kontrollen der NRK var med, vart ikkje noko unntak.

Promillekontroll varsla på Facebook

DEN NYE KVARDAGEN: Mens to polititenestemenn står klar med alkometeret langs riksveg 55 i Sogn, blir bilistane åtvara på ei Facebook-gruppe.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK
Kontrollgruppe Facebook

EIT UTAL GRUPPER: Du finn dei over heile landet. Denne gruppa varslar om kontrollar i Førde-området i Sunnfjord og har over 3500 medlemmer.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Av og til har vi knapt komme i gang før det ligg på Facebook. Det kan vere bilistar vi stoppar som seier dei alt har fått melding på Facebook om at stod der, fortel politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

Facebook-grupper og Twitter-feedar som tipsar om kontrollane til politi og vegvesen er vanleg over heile landet. Men at ruskontrollane no også blir varsla, vekkjer reaksjonar.

Mange av gruppene har hatt ei form for indre sjølvjustis der ein ikkje har varsla om promillekontrollar. No meiner politiet å sjå at også ruskontrollane stadig oftare blir varsla.

Rakk å ta promillesikta

Politiførstebetjent Svein Inge Harberg

BER FOLK TENKE SEG OM: Politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Sist kollegaene frå Luster lensmannskontor heldt promillekontroll vart kontrollen varsla på ei Facebook-gruppe. Ikkje berre stod det at det var kontroll, men folk vart også åtvara om at det var promillekontroll. Det stod promille med utropsteikn, Harberg.

NRK.no møter den erfarne politimannen på Hafslo i Indre Sogn, der han saman med ein kollega nett har rigga seg til på ei utkøyrsle. Oppdraget: Bilbelte, teknisk kontroll og promillekontroll.

– Kor lang tid trur du det går før det ligg ute på Facebook?

– Eg vil nesten tru at vi allereie ligg der, sukkar politiførstebetjenten i det han gjer klar alkometeret til neste bilførar.

Politimannen er oppgitt over folk sin iver til halde andre oppdatert om politiet sine rørsler langs vegane.

Kontrollvarsling Facebook

LUKKA GRUPPER: Nokre av dei største Facebook-gruppene er opne og kan enkelt følgjast ved å trykke 'liker' andre er lukka, mens nokre er heilt skjult og du må inviterast inn av medlemmer.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Førre kontroll, då det vart lagt på Facebook, då vart det til og med stoppa ein som no er mistenkt for promillekøyring.

Politiet fekk 11.000 «likes» på åtvaring

Harberg ser at gruppene har ein misjon i at dei fortel at politiet er ute og faktisk er aktive.

– Det er jo bra også at folk er klar over at vi har kontrollar

Men at dei som likar å køyre fort, og ikkje minst at rusa førarar kan unngå politikontroll, har politimannen svært lite sans for. Og det var då også i rein frustrasjon at dei tilsette ved Luster lensmannskontor la ut ei melding på kontoret si eiga Facebook-side:

Politiet på Facebook

POLITIET TOK TIL MOTMÆLE: Denne meldinga på Luster lensmannskontor si Facebook-side har fått enorm støtte.

Foto: Skjermdump, Facebook.com

– Responsen var enorm. Det er tydeleg at mange støttar oss, meiner Harberg.

Innlegget er i skrivande stund delt over 4000 gonger. 11.000 har trykt liker på politiet sitt hjartesukk, og det er komme meir enn 300 kommentarar.

Likevel er det lite politiet kan gjere, anna enn å oppmode folk om å teie om kontrollane. Facebook-grupper og mobilappar som varslar om kontrollar er ikkje ulovlege.

UP-sjefen: – Det reduserer effekten av jobben vi gjer

UP-sjefen Runar Karlsen meiner likevel at politiet sitt arbeid blir sabotert.

UP-sjef Runar Karlsen

– HINDRAR POLITIET: UP-sjef Runar Karlsen meiner dei mange Facebook-gruppene gjer politiet sin jobb langs vegane vanskeleg.

Foto: NRK

– Då har ein lita forståing for samfunnsansvaret, og ein bidreg ikkje til at færre blir drepne i trafikken. Ein freistar å redusere effekten av den vi jobben vi gjer for å redusere talet på alvorlege ulykker på norske vegar, seier han til NRK.no.

Karlsen fryktar konsekvensane av dei mange varslingsgruppene.

– Ved at nokre blir varsla, så kan ein risikere at ein farleg rusførar passerer, og i neste omgang køyrer ned og drep andre.

– Promille blir feil, fartskontrollar er ok

I Luster blir ein svart Volvo S60 frå tidleg 2000-tal blir vinka inn til kontroll. Karl Erik Nes vedgår at han følgjer med på gruppene som varslar om kontrollar.

Karl Erik Nes

– FARTSKONTROLLAR ER OK: Karl Erik Nes er ein av mange bilførarar som held seg oppdatert på politiet sin kontrollaktivitet via Facebook. Men han meiner promillekontroll ikkje bør varslast.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg er medlem av dei, men eg går ikkje inn og ser heile tida.

– Hadde du sjekka i dag?

– I dag hadde eg ikkje sjekka, nei, smiler den unge bilføraren før det hans tur å blåse 0,0.

Nes meiner det må vere greitt å varsle om laserkontrollar, men meiner det går ei grense.

– Det bør ikkje komme ut at det er promillekontroll. Det er ein vesentleg forskjell mellom fartskontrollar og promille, meiner lustringen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet er opprørt over at promillekontrollar no blir varsla på sosiale medier.
Facebook-grupper som tipsar om kontrollane til politi og vegvesen er vanleg over heile landet - men at ruskontrollane no også blir varsla - vekkjer reaksjonar..

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK var med på promillekontroll.

Politiet flyttar seg

NRK har freista å få ansvarlege for Facebook-sider i tale, utan hell. Fleire av gruppene har reglar om at promillekontrollar ikkje skal varslast. Likevel skjer det.

– Eg trur dei som legg det ut ikkje tenkjer seg om i det heile tatt. Det er litt som ein katt og mus-leik med politiet at dei legg dette ut på ei gruppe, trur Harberg.

Han presiserer at gruppene på sosiale medier ikkje skremmer politiet frå å halde kontrollar.

Katrin Øygard Karusbakken

LIKAR DET IKKJE: Bilførar Katrin Øygard Karusbakken meiner dei som køyrer fort eller rusa berre må bli tatt, utan åtvaringar på sosiale medier.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

–Vi held fram med kontrollen sjølv om den blir varsla, men det kan vere at vi flyttar oss til ein anna stad.

– Må berre ta dei

Harberg kan likevel trøyste seg med at mange av bilistane han stoppar, ser ut til å vere samde. Bak rattet på ein svart Toyota Rav 4, med born i baksetet, har i alle fall Katrin Øygard Karusbakken lite til overs for dei som varslar kontrollar.

– Eg tykkjer det er dumt at dei gjer det. Eg tykkjer dei må berre ta dei som promillekøyrer eller køyrer for fort og kan vere til fare for andre i trafikken, seier småbarnsmora før også ho blæs 0,0 på Harberg sitt alkometer.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Facebook-varsling av kontrollar

ÅTVARAR KVARANDRE: Denne gongen tok det om lag 50 minutt, men for andre gang på rad hamna Luster-politiet sin promillekontroll på ei gruppe for politikontrollar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Tok 50 minutt ...

Mens kontrollen pågår held NRK sitt tv-team auge med fleire av Facebook-gruppene for det aktuelle området. Og der! Etter ein knapp time er også denne kontrollen varsla på ei Facebook-gruppe. "Poleti pao Hafslo", skriv ein sogning som vel og merke unngår å nemne at det denne gongen er snakk om promillekontroll.

Ei fattig trøyst, meiner Harberg og kollegaen.

– Det er ikkje overraskande. Men det er beklageleg når vi står her og har ein promillekontroll og gjer ein viktig jobb i trafikken, at nokre ser noko poeng i å spreie informasjon om det rundt til andre.

Til saman 40 bilistar vart kontrollerte i kontrollen. Ingen fekk utslag på rus.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.