Hopp til innhold

Her blir Ole Johannes og kona ein del av statistikken - rekordsommar for redningsoppdrag

Ole Johannes Øvretveit og kona Bodil naut den varme sommardagen og hadde gått eit par steg opp ei snøfonn. – Så small det!

Redningshelikoptra har hatt ein travel sommar. Mykje godvêr har lokka fleire enn vanleg ut på tur.

SJÅ TV-REPORTASJE: Travel sommar for redningsmannskapa. Her blir ekteparet Øvretveit berga.

Ole Johannes Øvretveit

TAKKSAM: Ole Johannes Øvretveit torer ikkje tenke på utfallet om han og kona ikkje hadde kome seg opp frå bresprekken.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ekteparet fall fleire meter ned i ein issprekk. Hjelpelause ringde dei etter hjelp.

– Ein liten augneblink tenkte eg: «No døyr du. No er du ferdig», fortel Ole Johannes Øvretveit.

Fleire må bergast

Tre veker har gått men han blir framleis skaka når han ser bileta frå bergingsaksjonen. Ein fottur i den rekordvarme julisommaren førte brått sunnfjordingen og kona inn det som er ein rekordstatistikk for den norske redningstenesta.

NRK.no fortalde torsdag at hovudredningssentralane på Sola og i Bodø har opplevd ein markant auke i talet på redningsoppdrag denne sommaren. På landsplan er auken 14 prosent. Det fine sommarvêret og stor utandørs aktivitet får skulda.

Resultatet blir ofte at eit av Forsvaret sine seks operative Sea King redningshelikopter, eller ein luftambulanse må rykkje ut. Sistnemnde vart berginga for ekteparet Øvretveit frå Sande i Sunnfjord.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bodil Øvretveit i bresprekk

VÅTT OG KALDT: Bodil Øvretveit fotografert nede i bresprekken.

Foto: Privat

Bakken rivna

Det heile skjedde så brått, minnest Øvretveit.

– Vi gjekk der stien er merka. Vi var komne omtrent hit, seier han og peikar på eit bilete i eit avisoppslag på iPaden. Øvretveit, som til dagleg er journalist i Firda, skreiv tidlegare denne veka sjølv i eiga avis om opplevinga. Bergingsaksjonen vart foreviga av ein dansk turist som var i området.

«Hit», var ei snøfonn nær Geiterygghytta. Ekteparet skulle gå frå Finse mot den populære hytta i Aurland.

Dei følge den oppmerkte stien, men då dei kryssa ei snøfonn mot Geiterygghytta, rivna underlaget under beina deira. Begge falt ned i den enorme sprekken.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ole Johannes Øvretveit

SKREIV OM DET: Ole Johannes Øvretveit ser bilete frå bergingsaksjonen i sin eigen avisartikkel. Han valde å skrive om opplevinga som ei påminning til andre om faren som lurerer ute i naturen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Hadde mobildekning

Kona ropte« Ringt 112!». På ei hylle, omringa av glatte isveggar og ei elv av isvatn, hadde dei mobildekning. Øvretveit klarte å ringe etter hjelp. Han fekk beskjed frå operasjonssentralen å ikkje legge på.

Ein belgisk turist titta fram over kanten. Han kunne ikkje mykje frå eller til. Hjelpe kunne derimot luftambulansen, stasjonert i Førde, gjere. Dei rykte ut, slik dei har gjort så ofte denne sommaren. 20 prosent auke i oppdraga er så langt fasiten

Luftambulansen tek av i Førde

STOR AUKE: Luftambulansen i Førde har hatt 20 prosent fleire oppdrag denne sommaren. På landsplan melder Hovudredningssentralen om ein auke på 14 prosent i talet på redningsaksjonar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

ved utgangen av juli månad.

– Det er mange som er ute i terrenget. Vi merkar at det er meir å gjere når det er fint vêr, enn når det er dårleg vêr, seier Hans Ivar Kuberød som er andrepilot ved luftambulansen i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Redningsaksjon Aurland

REDNINGA: Her har luftambulansen nett landa og mannskapet tek seg opp på brefonna der ekteparet Øvretveit står i ein bresprekk.

Foto: Niels Ravn Christensen

Berga etter ein time

Etter ein time nede i issprekken høyrde ekteparet rotorblada frå den gulmalte luftambulansen over hovudet. Men dei såg det ikkje.

– Når eg høyrde lyden, då tenkte eg at no nærmar det seg, fortel Øvretveit.

Helikoptermannskapet hadde med seg tau og anna redningsutstyr. I løpet av nokre minutt var turgåarane ute i friluft. Men støkken sit i. Sjølv om dei var godt førebudde, og hadde med seg utstyr, gjekk det gala. Øvretveit er takknemleg for at dei fekk hjelp når de trengde det som mest.

– Utan helikopteret, er det ikkje godt å seie korleis dette hadde enda.