Hopp til innhold

Her aukar folketalet mest

Førde og indre Nordfjord hadde den største folketalsauken andre kvartal i år.

Førde by

STØRST AUKE: Førde kommune hadde ein folketalsauke på 48 personar andre kvartal i 2016 og passerte for første gong 13 000 innbyggarar.

Foto: Malene Vilnes / NRK

Olve Grotle

GODT NØGD: Olve Grotle er godt nøgd med at Førde veks.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Det er veldig kjekt. Vi har lagt bak oss nokre dårlege kvartal dei siste åra og difor er det ekstra kjekt å få eit godt kvartal som gjer at vi passerer 13 000 innbyggarar for første gong, seier ordførar i Førde Olve Grotle.

Torsdag formiddag slapp Statistisk sentralbyrå befolkningsstatistikken for andre kvartal 2016. I Sogn og Fjordane auka folketalet med 302 personar, dei store vinnarane vart indre Sunnfjord og indre Nordfjord. Innanfor grensene til den nye storkommunen i indre Sunnfjord var folkeauken på 116 personar, det er Grotle nøgd med.

– Det er viktig at alle kommunane i fylket har vekst, også dei kommunane som ligg rundt tettstadane. I indre Sunnfjord har vi ikkje hatt så stor vekst på mange år. Det er ekstra kjekt at dei kommunane vi skal slå oss saman med har ei god utvikling.

Femte størst

Alfred Bjørlo

JAMN VEKST: Alfred Bjørlo fortel at Eid kommune har hatt ein jamn vekst over lengre tid med både fødsels- og innvandringsoverskot.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Indre Nordfjord var den andre av dei store folketalsvinnarane det siste kvartalet. Aller best gjekk det med Eid og Stryn som hadde ein vekst på 31 og 34 personar. Eid passerte med det Vågsøy i folketal og er no den femte mest folkerike kommunen i fylket. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier dette er svært gledelege tal for Eid.

– Folketalsvekst er alltid positivt og det som gjer denne målinga ekstra kjekk for oss i Eid kommune er at vi har ein jamn vekst på alle område. Vi har både fødselsoverskot og fleire som flyttar hit enn som flyttar bort, det er kjempekjekt å sjå.

Folketalsutvikling Sogn og Fjordane

Endringar i Folketal andre kvartal 2016

1401 Flora

9

11975

1411 Gulen

-11

2362

1412 Solund

-3

787

1413 Hyllestad

18

1425

1416 Høyanger

9

4158

1417 Vik

14

2706

1418 Balestrand

17

1307

1419 Leikanger

22

2332

1420 Sogndal

-26

7813

1421 Aurland

-2

1778

1422 Lærdal

-9

2153

1424 Årdal

17

5365

1426 Luster

22

5120

1428 Askvoll

7

3037

1429 Fjaler

-1

2817

1430 Gaular

20

2949

1431 Jølster

0

3021

1432 Førde

88

13003

1433 Naustdal

8

2848

1438 Bremanger

-1

3855

1439 Vågsøy

5

6043

1441 Selje

2

2779

1443 Eid

31

6056

1444 Hornindal

3

1197

1445 Gloppen

29

5818

1449 Stryn

34

7221

Ekspander/minimer faktaboks