Hopp til innhold

Kompisar hamna midt i drama - henta livlaus jente opp frå fjorden

Bjarte Breilid og nokre kompisar skulle ta ferja frå Hella til Vangsnes for å feire bursdag i Vik. I staden enda dei med å utføre førstehjelp på ein av dei involverte i ulykka der ein bil køyrde på fjorden.

Kaien

KASTA UT BØYE: Bilen gjekk i vatnet mellom dei to ferjekaiane. Breilid og Stadheim nytta ei redningsbøye for å løfte opp den tredje personen som ikkje kom seg opp av vatnet sjølv.

Foto: Christian Blom / NRK

– Vi var siste bilen som køyrde om bord. Men så høyrde vi ein litt rar lyd, ein litt anna smell enn det som er når ferjelemmen går opp, men vi rekna med at det var det det var, fortel Breilid.

Men det var så langt ifrå det som det kunne komme. Karane i bilen såg brått at billettøren tok til å springe.

– Vi tulla litt med at han hadde kanskje mista fjernkontrollen til bommen eller noko, seier Breilid.

Såg at ein bil hadde køyrt på fjorden

Men så såg dei at ein annan av mannskapet tok til å springe, og då forstod dei at det var noko anna som hadde skjedd.

– Vi kom oss ut av bilen og bak for å sjå kva som stod på. Og då var det ein bil som hadde køyrt ned i fjorden, mellom ferjekaien og ferja, seier Breilid.

Då karane kom fram til enden av ferja, såg dei nokon som kava på nede i fjorden.

– To av dei i bilen hadde komme seg ut av bilen på den tida vi hadde brukt for å gå bak for å sjå kva som stod på, seier Breilid.

Kameratane kasta ned livbøyer og redningsbøyar i vatnet.

På eitt eller anna vis klarte dei å få ut av dei to ungdommane, som hadde vore i bilen, at det var ei jente til som ikkje var kommen opp av vatnet.

– Vi fann oss ein stige, og så gjekk Gaute Stadheim ned og såg ned i vatnet. Der fekk han auge på ein person som hadde komme seg ut av bilen, men ikkje opp til overflata. Det verka som om ho hengde fast, fortel Breilid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein personbil hamna i fjorden på ferjekaia på Hella fredag ettermiddag.

Var livlaus då ho vart henta opp

Gaute Stadheim, som er frå Vik, tok av seg sko og jakke, og kasta seg på fjorden.

– Han drog ned og henta ho, og så fekk vi ho inn i ei livredningsbøye slik at vi fekk heisa ho opp på ferjelemmen, seier Breilid.

Deretter bar dei jenta inn og starta livredning. Saman med ferjemannskap, bytte dei på å drive livredning fram til naudetatane kom til staden.

– Ho var heilt livlaus då vi henta ho opp, seier Breilid.

Han har framleis ikkje fått nokon reaksjon etter hendinga, men trur det vil komme.

Bilen køyrde ned mellom dei to ferjekaiane, og var aldri innpå sjølve ferjekaien der ferja ligg med lemmen nede når ho er til kai.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utfor

GJENNOM: Bilen har brasa gjennom rekkverket ved sidan av ferjelemmen.

Foto: Christian Blom / NRK

Har køyrt gjennom nokre kjettingar

– Det snøa veldig her, og er mykje slaps. Eg tippar det er nokon som har hatt problem med å stoppe, seier Breilid.

Han fortel at bilen har køyrt utfor kaien på høgde med ferjelemmen, men på utsida av kaien.

– Bilen har drege tvert gjennom nokre kjettingar som er der, seier Breilid.

Stadheim, som berga jenta opp, ønskjer førebels ikkje å snakke med media.

Karane er på veg til Vik der dei skal feire Stadheim sin bursdag, som eigentleg er på måndag.

– Det blir ein litt annleis bursdag og ein litt annleis hyttetur enn tenkt. Men vi får tru at det går bra, seier Breilid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dårleg vêr der bil køyrde utfor kaien på Hella i Sogn

VELDIG GLATT: Det har snøa tett i Sogn i ettermiddag, og det skal vere svært glatt på Hella ferjekai.

Foto: Christian Blom / NRK

Kjenner ikkje tilstanden

Klokka 19.30 opplyser politiet at alle dei tre involverte er frakta til Førde sentralsjukehus.

– To av personane er tekne til sjukehus for rutinemessig sjekk. Helsetilstanden til den tredje personen må vi komme tilbake til, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

AMK ved Førde sentralsjukehus kan ikkje seie noko om tilstanden til dei tre som var involverte i ulykka, men stadfestar at to av dei vart sende med ambulanse, medan den tredje personen vart frakta med luftambulanse.

Ved kaien

LANGT NED: Det er fleire meter ned til fjorden frå der bilen køyrde ut.

Foto: Christian Blom / NRK