NRK Meny

Hemsedal- og Vikafjell på topp

Sogn regionråd prioriterer Hemsedalsfjellet som nordleg austvest-stamveg og Vikafjellstunnelen i si høyringsfråsegn til Nasjonal transportplan. Stortinget skal om eit år vedta ein ny Nasjonal transportplan for perioden 2018–2029.

Regionrådet krev òg pengar til utgreiing av Sognefjellstunnelane, pengar til rassikring, planleggingskroner til E39 mellom Bogstunnelen og Gaular grense, i tillegg til at Stortinget må leggja mindre vekt på samfunnsøkonomisk nytte som rådet meiner kan gå ut over vegbygging i distrikta.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.