Hopp til innhold

Kommunane i fylket fekk 4,3 millionar kroner - det resulterte i berre 2,25 helsesøsterstillingar

I fjor fekk kommunane i Sogn og Fjordane ei ekstraløyving på 4,3 millionar kroner som skulle brukast til å styrke skulehelsetenesta. Berre Førde, Flora, Stryn og Solund brukte pengane til det dei skulle, viser ei undersøking.

Fortsatt kaos når det gjelder regninger etter legebesøk i Tysfjord.

IKKJE MANGE FLEIRE HENDER: Ekstraløyvinga til helsesøstertenesta har ikkje resultert i særleg mange stillingar i Sogn og Fjordane.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Fylkesleiar Oddgeir Lunde i Norsk Sjukepleiarforbund synest det er synd at pengane gir så liten effekt og at kommunane vel å bruke dei til andre føremål.

– Intensjonane er gode, men slik blir det når pengane ikkje er øyremerkte.

I fjor løyvde regjeringa 180 millionar kroner ekstra til å styrke helsesøstertenesta i norske kommunar. Berre rundt halvparten av pengane har gått til dette føremålet.

Kommunane i Sogn og Fjordane fekk rundt 4,3 millionar kroner til saman. Alle kommunane fekk minst 100.000 kroner, dei kommunane med fleste innbyggjarar under 19 år fekk mest.

Førde fekk aller mest med 501.240 kroner, Flora fekk 451.807 kroner og Sogndal 261.943 kroner.

Stor debatt i fjor

Det er Tidsskriftet Sykepleien som har kontakta alle dei 428 kommunane i landet og spurt kva dei har brukt pengane til.

I fjor var det ein stor debatt om mangel på ressursar i helsesøstertenesta. Etter denne debatten varsla dåverande helseminister Jonas Gahr Støre at regjeringa ville løyve 180 millionar kroner til å styrke helsestasjonar og skulehelsetenesta.

356 av dei 428 kommunane har svart på spørsmåla frå Sykepleien. I Sogn og Fjordane er det svar frå 20 av 26 kommunar. Det har ikkje kome svar frå Flora, Eid, Gloppen, Høyanger, Gulen og Fjaler.

Men kommunalsjef Norunn Stavø i Flora seier til nrk.no at dei har brukt pengane - vel 450.000 kroner - til å styrke skulehelsentesta.

– Vi har sett av eit rammetilskot som tilsvarar det vi fekk i ekstraløyvinga. Det utgjer 0,7 stilling, og stillinga er lyst ut.

Av dei kommunane det er svar frå er det berre Stryn og Solund som ifylgje undersøkinga til Sykepleien har lagt inn auke i helsesøstertenesta i 2014-budsjettet, Stryn med 0,6 stilling, Solund med 0,1.

Oddgeir Lunde

- BØR VERE ØYREMERKTE: Fylkesleiar Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet meiner effekten blir dårleg når pengane ikkje er øyremerkte.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ikkje øyremerkte

For Førde sin del er tala i undersøkinga misvisande. Rådmann Ole Johan Østenstad seier dei brukte dei 501.240 kronene dei fekk til å auke talet på helsesøsterstillingar med 0,85.

Med andre ord resulterte 4,3 milionar kroner i 2,25 stillingar i Sogn og Fjordane.

Sogndal kommune er ein av kommunane som ikkje brukte tilskotet på 261.943 kroner til fleire stillingar innan helsesøstertenesta. Men ordførar Jarle Aarvoll seier pengane vart brukte innan helse.

– Desse pengane var ikkje øyremerkte, og sidan vi meiner vi har ei bra helsesøsterteneste brukte vi pengane til andre føremål innan det same området.

Fylkesleiar Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet meiner kommunane burde ha brukt pengane til det dei var tenkte til.

– Det er eit aukande behov for kompetanse innan førebyggande helsearbeid, og i den samanhengen er skulehelsetenesta og helsestasjonane svært viktige brikker.