Hopp til innhold

Helsesøster rysta over kuttforslag

– Dette råkar dei aller svakaste, seier helsesøster. Ho er sjokkert over at Helse Førde vil kutte i psykiatritenestene til born og unge.

Video Kan bli slutt på familiehuset

KAN FORSVINNE: Når Helse Førde vil kutte over 5 millionar i barne- og ungdomspsykiatrien, kan det bety slutten for Familiehuset. (Vestlandsrevyen 25. oktober 2011).

Helse Førde vil kutte budsjettet til barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) i Sogn og Fjordane med 5,1 millionar kroner.

I tillegg til å kutte i om lag åtte stillingar vil dei også leggje ned det såkalla Familiehuset som har vore eit viktig lågterskeltilbod til familiar med psykisk sjuke born.

Helsesøster i Naustdal, Turid Bruland er skaka og seier både kollegaer, kommunelegen i Naustdal og fleire foreldre ho har snakka med reagerer på same måte.

– Vi stiller oss vantru til at dette er mogleg, seier Bruland til NRK.no.

– Dette er ikkje mogleg

Turid Bruland

SJOKKERT: I jobben som helsesøster jobbar Turid Bruland dagleg med born og unge. Ho er sjokkert over kuttforslaget som ho meiner vil gå ut over dei svakaste.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Som helsesøster jobbar Bruland dagleg med born og unge. Ho meiner barne- og ungdomspsykiatrien i fylket allereie er skoren til beinet. Då ho måndag fekk høyre om dei planlagde millionkutta kvapp ho i stolen.

– Eg tenkte: Dette er ikkje mogleg! Eg kan ikkje sjå at det er noko meir dei kan ta av, seier Bruland fortvila.

Vil stå på barrikadane for dei unge

Når Helse Førde tek fram sparekniven vil dei altså kutte 5,1 millionar i tilbodet til psykisk sjuke born og unge. På Familiehuset får kring 12 sjuke born og familiane deira hjelp kvart år.

Her får dei tilbod om intensiv behandling og oppfølging, og Bruland meiner ein no må stå opp for dei unge.

– Desse kutta vil råke dei svakaste. Dette er ei gruppe som ikkje står på barrikadane og stiller krav. Eg jobbar med born og unge kvar dag og difor ønskjer eg å tale deira sak, seier Bruland.

Usemje om kutta er forsvarlege

Ole Christian Reusch

FORSVARLEG: Ole Christian Reusch, direktør for psykisk helsevern held fast ved at kuttforslaga er forsvarlege.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Både tilsetteorganisasjonar og pårørandeorganisasjonar reagerer sterkt på kuttplanane.

Men Ole Christian Reusch som er direktør for psykisk helsevern held likevel fast ved at kuttforslaga er forsvarlege.

– Vi kan ikkje leggje opp til endringar som er fagleg uforsvarlege, seier Reusch.

Bruland på si side er klinkande klar på at kuttforslaga ikkje kan gjennomførast.

– Tvert i mot. Dette er uforsvarleg, både på vegner av borna og familiane deira. Dersom desse borna ikkje får hjelp vil dei komme inn i systemet på eit seinare tidspunkt. Dette er dårleg samfunnsøkonomisk tenking, seier Bruland.