Innhaldet i konvolutten som kom med posten på fredag, fekk høyangermannen til å sperre opp auga. For saman med brevet frå legen sin, adressert til han sjølv, låg også eit anna ark frå same lege, adressert til Førde sentralsjukehus. På dette brevet sto det detaljerte skildringar om ein annan pasient som brukar legen. Brevet inneheldt både namn, personnummer, diagnose og andre sensitive opplysningar om pasienten.
Opprørt
Høyangermannen som fredag fekk dei uønskte opplysningane i posten, ønskjer ikkje å stå fram av omsyn til seg sjølv og andre. Men han etterlyser no betre rutinar på dei kommunale legekontora. Han er opprørt over at slike ting skal kunne skje.
Ber han ta kontakt
Assisterandre fylkeslege Einar Hovlid trur episoden er eit uhell, men oppmodar mannen om å ta kontakt med kommunehelsetenesta for at dei eventuelt kan forbetre rutinane sine.