Hopp til innhold

Helse Førde: Mest auke i pasientretta stillingar

Helse Førde meiner legeforeininga gir ei skeiv framstilling av utviklinga når det gjeld administrative stillingar og legespesialistar i helseføretaket.

Førde Sentralsjukehus

STOR ARBEIDSPLASS: På Førde Sentralsjukehus er det mange administrative stillingar. No håpar leiinga i Helse Førde at legeforeininga kan vere med på ei felles forståing av kva som er reine byråkratstillingar og kva som er pasientretta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I eit intervju med NRK Sogn og Fjordane sa legeforeininga at talet netto månadsverk i administrasjonen har auka frå 324 i 2014 til 346 i 2016, medan det samstundes vart færre legespesialistar i Helse Førde.

No går Helse Førde ut med ei pressemelding fordi dei meiner framstillinga ikkje gir eit rett bilete av utviklinga.

I pressemeldinga går det fram at talet på årsverk innan administrasjon, leiing og kontorpersonell har auka med 10 prosent frå 2012 til 2016. Men samstundes auka talet på årsverk for legar i Helse Førde med 17 prosent, for psykologar var auken 28 prosent, og for sjukepleiarar 16 prosent.

Børge Tvedt

Konstituert administrerande direktør Børge Tvedt i Helse Førde.

Foto: David Kandal / NRK

Håpar på felles forståing

Konstituert administrerande direktør Børge Tvedt i Helse Førde seier at det er heilt legitimt å ha meiningar om kvar føretaket skal kutte, og at han både håpar og ventar at dei tilsette engasjerer seg, men at dei må vere samde om kva som er fakta.

– Vi håpar legeforeininga kan drøfte endringar med oss ut frå ei felles forståing av kva type stillingar det er tale om. Sett over tid er det større auke i talet på årsverk for legar, sjukepleiarar og andre pasientretta stillingar enn i administrasjonen.

Helse Førde meiner legeforeininga feilplasserer eit stort tal stillingar i det dei kallar administrasjon, stillingar som leiinga seier er direkte pasientretta. Det gjeld 50 månadsverk innan husøkonomi, mellom anna reinhald, 41 innan matforsyning, 33 innan portøravdelinga, 32 innan teknisk drift, 20 innan pasientreiser og 52 innan fag- og utviklingsavdelinga (forsking, kvalitetsarbeid og smittevern).

Men samstundes vedgår helseføretaket at dei sidan august i fjor har auka talet på administrative stillingar på bemanningssenteret, pasientens helseteneste, prosjektorganisasjonen for nye Førde sjukehus og pasientreiser.

– Vi har oppretta eit bemanningssenter som er vårt interne vikarbyrå. Der jobbar det sjukepleiarar, og dette er viktig for å drive sjukehuset, seier Tvedt.

Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvoll, Hans Jacob Westbye

NØGD MED KLARGJERINGA: Føretakstillitsvald Hans Jacob Westbye (t.h.), saman med to andre legetillitsvalde, Torgeir Folkestad (t.v.) og Jens Ola Evjensvold. Arkivfoto.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Føretakstillitsvald Hans Jacob Westbye i legeforeininga seier det er fint at direktøren kjem med ei oppklaring.

– Det er med på å gi ei forståing for korleis vi er organisert og korleis ressursane er fordelte. Eg trur det kan bidra til at forståinga mellom dei ulike gruppene blir større og frustrasjonen kanskje mindre.

Mest uroa for utviklinga siste året

Han synest ikkje det er rart at den langsiktige utviklinga frå 2012 syner vekst både for administrasjon og legar og sjukepleiarar.

– Vi er meir uroa for den kortsiktige utviklinga med færre legespesialistar frå i fjor til i år, samstundes som det er stor vekst i det som er knytt opp mot administrasjon. Noko av det har det kome gode forklaringar på, og det synest vi er ei god avklaring.