Hopp til innhold

Festus er litt av ein geitebukk

Malena (13) redda Festus frå å bli avliva. Det vart starten på eit uvanleg vennskap.

Geitebukken Festus

STABUKK: Festus og Malena på tur. Geitebukken er full av triks, men han utfører dei som det passar han.

Foto: Inger Aske Lothe

Det var Firda Tidend som først fortalde den fine historia om Festus (snart 3) og Malena Reed (13) på Reed i Gloppen kommune.

Det var i ein geitefjøs i Kandalen at den unge jenta og Festus møttest for første gong. Malena var med bonden i fjøset og fekk vite at han måtte kvitte seg med nokre av geitebukkane.

– Då måtte eg jo berre ta med ein heim, fortel Malena til NRK Sogn og Fjordane.

Det var starten på eit noko uvanleg vennskap. Tenåringsjenta frå Reed og Festus har gjort mange sprell sidan.

– I starten hadde han litt vanskeleg for å høyre etter. Men etter kvart tykte også han at det var kjekt å lære ting. Vi måtte lære kvarandre å kjenne, fortel Malena.

Frå gard

Malena har vakse opp på gard og har difor eit nært forhold til dyr. Frå før har ho hund, katt, kaninar, kyr og høner rundt seg.

– Eg tykkjer dyr er kjempekjekt å drive med. Dei er verkeleg vener for livet, seier Malena.

For naboar og bygdefolk er det nesten blitt vanleg å sjå det uvanlege veneparet kome køyrande langs bygdevegane.

Festus som «hest», der han leiar an i front med sauegrime. Malena som «kusk», der ho sit bak i vogna og styrer.

– Det er noko annleis å styre ein geitebukk. Av og til er han usikker på kva eg meiner. Men han er veldig god til å forstå om eg vil at han skal gå, springe eller stogge.

– Han er eigentleg ganske glad i å køyre. Men no er det ei stund sidan vi har gjort det kvar dag. Så han har mista litt av teknikken, seier Malena.

Malena Reed

GOD TONE: Festus (snart 3) og Malena (13) er perlevenner.

Foto: Inger Aske Lothe

Stabukk

Som ho også fortalde til Firda Tidend, er Festus også ein stabukk.

– Han har sine eigne meiningar. Skjer det ting når vi er ute på tur, heng han seg som regel opp i det og er vanskeleg å rikke. Og når eg vil at han skal gjere triksa sine, og han skjønar at eg ikkje har særleg med godt i lomma, så gjer han dei ikkje.

Triksa Festus kan levere er å gje fot eller knele. Før kunne han også hoppe. Men no er han blitt så tung at det er vanskeleg å kome over hindra.

Og så hender det at han er humørsjuk.

– Er det dårleg ver ute kan han bli sur. Han likar å ha nokon rundt seg. Har han ikkje det, blir han fort einsam og kan stå og rope eller vere uroleg.

Køyrer tur

– Korleis starta turkøyringa?

– Ein dag stod vi og såg på utstyret og bestemte oss for å prøve. Det funka bra. Vi plar ikkje køyre langt, kanskje i 15–20 minuttar.

– Blir han sliten?

– Han blir andpusten. Då tek vi ein pause.

Det har ikkje vore få folk som stoppar opp når Malena og Festus kjem køyrande.

– Folk stoggar med ein gong dei ser oss. Nokon har lyst til å sitte på, andre tykkjer det er kult at eg har fått dette til. Mange tek bilete. Festus likar menneske, seier Malena.

– Det er ikkje mange andre som har ein geitebukk som trekkdyr?

– Nei, eg har i alle fall ikkje høyrt om andre som køyrer slik med geitebukkar. Men så er Festus heller ingen vanleg geitebukk, seier Malene.