Hopp til innhold

Heit nedrykkskandidat

Saman med Sarpsborg 08 blir Sogndal tippa nord og ned av dei fleste fotballekspertar.

Per Egil Flo og Even Hovland

LYSPUNKT: Per Egil Flo og Even Hovland blir trekt fram som lyspunkt av VG sin kommentator.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Fotballkommentator i VG, Knut Espen Svegaarden er ein av fleire som har plassert Sogndal heilt nedst på tabellen.

Han peikar på at Sogndal alltid har vore flinke på å utvikle og å selje spelarar vidare.

- Men dei sel dei vidare for tidleg. I tillegg har Sogndal ein litt liten spelarstall, meiner Svegaarden.

Finn også lyspunkt

Trass i mykje skepsis finn også Svegaarden lyspunkt i Sogndal-stallen.

- Even Hovland kan bli den forsvarssjefen som klubben treng. Dersom dei får opp Eirik Bakke på det nivået han har vore på tidlegare og kantspelarane og Kenneth Udjus kan få eit løft så kan det bli alright det her.

Saman med Sogndal, spår VG-kommentatoren at Brann og Sarpsborg 08 vil slite i årets sesong.

Scheie sin dom

Også Arne Scheie dømmer Sogndal til eitt år i eliteserien denne gongen.

- Det blir Rosenborg på topp og Sogndal på botn, saman med Sarpsborg, seier Scheie.

Heller ikkje Knut Nesbø som leiar fotballmagasinet Bakrommet på NRK er optimistisk på Sogndal sine vegne.

- Det blir Rosenborg på topp, medan Sogndal og Sarpsborg rykker ned.

- Viktig motivasjon

Fotballekspert Jon Navarsete let seg ikkje vippe av pinnen av alle nedrykksspådomane.

- Dette er jo historisk, slik har det alltid vore, seier Navarsete om alle dei dystre spådommane.

Navarsete meiner motstanden mot dei små klubbane begynte alt på 60-talet då Sogn og Fjordane skulle med i tredje divisjon.

- Sogndal har alltid vore tippa ned. Det er kanskje den viktigaste motivasjonsfaktoren vi har, seier Navarsete.

- For osloredaksjonane er det ikkje spesielt givande å reise til Sogndal. Det er voldsomt langt frå Oslo til Sogndal ser det ut til, seier Navarsete.

Den 13. sesongen

Jon Navarsete vel å sjå positivt på det.

– Det er den trettande sesongen for Sogndal i tippeligaen, så eg håpar det er eit lykketal.

Fosshaugane Campus

FOSSHAUGANE: Det er på heimebana Sogndal må bite i frå seg, meiner fotballekspert Jon Navarsete.

Foto: Marit Hommedal, Nyhetsspiller / SCANPIX

Sogndal møter Strømsgodset i årets første tippeligakamp på søndag. Noko Aabrekk meiner er ein for tidleg seriestart.

- Kor viktig er det med ein god start?

- Det vil alltid vere viktig å så fort som mogleg å ta poeng. Så slepp ein å stå med null, seier Jon Navarsete.

Må tåle nervane

Navarsete meiner Sogndal bør få ein siger på ein av dei tre første kampane.

- Det er på Fosshaugane at Sogndal må gjere jobben., og vinne dei sju-åtte kampane som er nødvendig.

Skal Sogndal ha sjans i årets sesong kan dei ikkje få nervar av fullsette tribuner, trøkk og press på å vinne, meiner Navarsete.

Realisme

- Saman med spelararne ønskjer vi å halde på plassen i tippeligaen, seier trenar Harald Aabrekk.

Det vil seie at Sogndal må vere mellom dei 14 beste laga. Ei målsetting som Aabrekk meiner er høg.

Harald Aabrekk

STARTAR SØNDAG: Trenar Harald Aabrekk leiar laget søndag.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Då har vi nok å strekke oss etter samstundes som det er realisme i det, seier Aabrekk.

Trenaren seier laget må rekne med å få dystre spådommar mot seg med omsyn til at dei er eit nyopprykka lag.

- Vi har ei flott spelargruppe som har vist at dei tåler å bli stilt krav til, seier Aabrekk.

Han er overtydd om at spelarane har teke enda eit hakk opp i høve til fjoråret.

Siste finpuss

Trenaren og laget hadde i dag den siste finpussen før kampen søndag.

- Det som skal samle oss er vår måte å spele på. Det å ha ein distinkt spelestil vert det viktigaste no, sluttar Aabrekk to dagar før serien brakar laus for Sogndal.