– Lista vart samrøystes vedteken, seier leiar i nominasjonsnemnda, Bente Frøyen Steindal.
– Enkelt val
Ingrid Heggø vart plassert på fyrsteplass, medan Tor Bremer på andreplass. Det var knytt litt spenning til korleis lista ville sjå ut, spesielt fordi partilaget i Årdal vraka både Heggø og Bremer frå si liste.
- LES OGSÅ:
Men Frøyen Steindal seier det var eit ganske enkelt val å plassera dei øvst.
– Då eg fekk sjå innspela kom det tydeleg fram at det var slik lista måtte bli, seier ho.
Høl som nummer seks
Vidare på lista finn ein Kristin Maurstad frå Vågsøy på tredjeplass og Anette Stegegjerdet Norberg frå Luster på fjerdeplass.
- LES OGSÅ:
Helge Robert Midtbø frå Førde vart sett på plass nummer fem og Hilmar Høl frå Årdal som nummer seks.
Sidan Sogn og Fjordane får eitt stortingsmandat mindre etter valet neste år, tyder alt på at arbeidarpartiet berre får eitt mandat her i fylket.
No skal lista ut på høyring i alle dei 26 kommunane i fylket der dei kan koma med sine innspel før den skal endeleg vedtakast på nominasjonsmøtet den 3. november.
- LES OGSÅ:
– Fekk svar frå 19 av 26
– Me har fått innspel frå 19 av 26 partilag, og det er det me har bygd lista på, seier Frøyen Steindal
Men ho vil ikkje sei noko om kven som har fått flest nominasjonar frå lokallaga.
– Det blir vanskeleg å kommentera, fordi nokre kommuneparti har berre sendt inn forslag på sine kandidatar frå sine lag, og andre har tatt for seg heile fylket, nokre har prioritert og nokre har ikkje prioritert. Det var mykje forskjellig praksis.
– Me har gått ut ifrå alt me har fått inn og sett samla på det. Det var ikkje noko usemje om det utfallet me landa på.