Hopp til innhold

Heftig pågang til Skåla Opp

Konkurranseløparane fyller over halve påmeldingslista eit halvt år før startskotet går.

Både mosjonister og konkurranseløpere deltok

FLEIRE VIL GÅ: Allereie i desember er halve påmeldingslista til Skåla Opp i Stryn fylt opp.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Nærare 400 personar har allereie meldt seg på motbakkeløpet Skåla opp i Stryn. Konkurransen vert arrangert for tiande gong i august neste år.

– Påmeldinga starta i oktober. Pågangen er akkurat der den skal vere. Det er fenomenalt, seier løpsleiar Erik Brendefur.

Større enn nokon gong

Maksgrensa er på 700 deltakarar i konkurranse, og arrangørane oppmodar om snarleg påmelding dersom du vil vere med.

– Det kan hende at lista er full tidleg utpå nyåret. Det er bare å melde seg på så fort som råd, seier Brendefur.

Løpsleiar Brendefur hevdar at påmeldingsstraumen er større enn nokon gong. Han viser til tal frå 2002 då Skåla Opp hadde kun 360 påmeldte totalt.

– Men då var det også bare tre motbakkeløp i Norge. I dag er det rundt 140, seier Brendefur.

Rekordpremien har auka

I konkurranseklassen vil vinnarane få med seg gode pengesummar, og endå meir om dei tek løyperekord.

Prengepremien til den som vinn og tek rekorden har auka med 15 000 kroner frå i fjor, frå 85 000 til 100 000 kroner.

Regjerande rekordhaldar på kvinnesida, Anita Håkenstad Evertsen, er av påmeldte profilane til årets løp.

I tillegg kjem årets Stolzekleiven Opp-vinnar, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, og langrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeset.