Den 4. november var Ervik og resten av mannskapet på "Fjellmøy" på veg sørover Hustadvika for å levere fisk i Ålesund. Då fekk dei auge på ein liten trebåt som var i ferd med å hamne i brota oppunder land. Med fare for eigen båt og eigne liv fekk dei etter ein dramatisk operasjon berga båten og den 83 år gamle eigaren ut av brota.
I Onsdagsportrettet fortel Stig-Jarle Ervik om denne hendinga og om livet som fiskar. Han er heimefrå seks-sju veker om gongen, men på den andre sida er han heime like lange periodar, og han kan ikkje tenkje seg noko anna yrke.