Sjå bilete av det gunnstøytte skipet
Båten hamna 25 meter inne på grunna. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Skipet gjekk på land i tretida natt til onsdag, og stod 25 meter inne på land med store synlege skader i baugen.
Fekk hjelp av slepebåt
I 10-tida onsdag føremiddag prøvde skipet å dra seg av land for eiga maskin sjølv om det var fjøre sjø. Men først då dei fekk hjelp av ein slepebåt frå Bergen tok skipet til å røre seg, og klokka halv to i dag var skipet tekt av grunn.
Direktoratet granskar
Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet er på veg til havaristen i Lavik. Det fortel avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet Knut Kristiansen. Han vil ikkje seie noko om kva som var årsaka til grunnstøytinga, men understrekar at losen ombord er erfaren.
(Foto: Linda Nødseth, NRK)
200 tonn olje
Ombord er det omlag 160 tonn bunkersolje, 30 tonn diesel og 11 tonn smøreolje, men det er førebels ikkje oppdaga lekkasjar frå skipet. Bunkersolja er flytta til dei bakre tankane. Ein lekter med 350 meter oljelenser er i nærleiken i beredskap. Statens forurensingstilsyn held oppsyn med havaristen frå fly.
Los om bord
Det var los om bord då grunnstøytinga skjedde i tre-tida i natt. «Onego Merchant» hadde vore i Årdal og var på veg ut fjorden, og var tomt for last då det grunnstøytte, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Leif Bell.
Ingen utslag på alkotest
Politiet har rutinemessig teke ein alkoholtest av mannskapet på brua, men den gav ikkje utslag, opplyser politiet.
Båten gjekk på land ved Kviane. (Foto: Linda Nødseth, NRK)
Nytt skip
«Onego Merchant» er heilt nytt. Skipet var ferdig frå verftet Bodewes Shipyards i fjor, og seglar under nederlandsk flagg. Det er eigd av selskapet Feederlines, og vert drive av Onego Shipping & Chartering som har kontor i Nederland og i St. Petersburg i Russland.
Skipet er på 7.650 dødvekttonn, er 112 meter langt, og har to store kranar på lastedekket.
Sperra for rekordsymjar
Engelskmannen Lewis Gordon Pugh som set verdsrekord i kaldtvassymjing ved å symje Sognefjorden på langs, passerte skipet i føremiddag:
Skipet køyrde på land på Kviane ved Alværa. (Kart: Statens kartverk/NRK)