Hopp til innhold

"Tanken på vesle Rojgar kan setje meg heilt ut av spel"

Som journalist får Håkon Haugsbø mange sterke inntrykk, gjennom møter med menneske og saker han jobbar med.

Håkon Haugsbø

TRUR PÅ HÅPET: Håkon Haugsbø meiner håpet er det som held oss gåande.

Foto: Ole Kaland / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– Det var eit innhaldsrikt og godt år, prega av høgt tempo i småbarnsfamilien og spennande utfordringar på jobben.

– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

– Den beste opplevinga var nok å sjå brødrene mine glane storaugde ut av eit helikoptervindauge over Manhattan, New York. I april var vi på vår første fellesutflukt sidan ein fisketur i Flekkelva tidleg på 90-talet. Det var gåva vår til eldstebror Frank sin 50-årsdag, og eg var reiseleiar og guide. Ei herleg veke i verdas mest fascinerande by.

Jobbar med sterk historie

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012 – og kvifor?

– I min jobb får eg mange sterke inntrykk, gjennom møter med menneske og saker eg jobbar med. Den sterkaste historia i 2012 er den om 24 år gamle Garolin Nesaraja, som sette fyr på seg sjølv og sonen på asylmottaket på Mølletunet i januar. Eg held på med ein dokumentar om henne, og nøstar opp livet hennar frå død til fødsel. Tanken på 20 månader gamle Rojgar som døydde på så brutalt vis kan sette meg heilt ut av spel.

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Forventingar er skumle greier. Håp, derimot - det er det som held oss gåande. Eg håpar renta held seg lav, at ungane held seg friske og at det i løpet av året blir greit å kritisere staten Israel sin hissige okkupasjonspolitikk utan å bli stempla som antisemitt.

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Eg skal arrangere fleire festar. Og gå meir på pub. Og finne på endå meir moro med kompisane mine.

Huskar dei klakkande skoa til mora

– Korleis feirar du jul i år? Er du heime, kva et du?

– Eg feirer jul heime på Grefsen med mi Ragnhild og våre to turbo-prinsar. Så kjem heldigvis broder Frank og familien hans frå Bergen på besøk for å smake på årets heimelaga pinnekjøt. Og pølser laga av hjort frå Bygstad. Det blir tradisjonelt, lunt og fint.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Lyden av mors høghælte sko på parketten i etasjen over, iblanda Sølvguttene og «Deilig er jorden», i skytteltrafikk mellom skuffa med sølvskeier og kålrabistappen på kjøkkenet. Og pappa sine hastige og harde steg ned kjellartrappa, for å hente noko han hadde gløymt i matboden. Eg sat på rommet mitt og lytta, og kunne ut frå lydane time alt på minuttet: «No er det jul».

Tonar ned gåvehysteriet

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Den beste? Du og du. Eg har fått så mykje fint opp i gjennom. Men eg er jo ikkje så opptatt av gåvene. Sjølv om eg blei veldig glad for ei sånn ordentleg solid snekkerbukse som eg fekk av kjærasten min her eit år.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Av solidaritet og prinsipp tonar eg ned gåvehysteriet. Barna mine får få og smarte gaver. Ikkje så dyre. Og kvart år har vi ein gjest rundt bordet som ikkje sjølv har familie. Med ein sambuar som jobbar for SOS Barnebyer blir vi lett minna på kor bortskjemde vi er i dette lille landet. Eg kjem til å gi bort eit par fadderskap i julegåve i år.